søndag 18. oktober 2009

The Big Start

Hahahaha x'] Kva skjer med verda?? Jo, det skal eg seia deg; Ingvild Førde, aka Robvild Ingvaldsen, har laga seg blogg!! Grunn: har ikkje funne det ut endå..... men finne det vell ut etter kvart.

Livet går sin gang over heile verda, og slik gjer det her på Breim også.....
Kan kanskje begynne å fortelle litt om livet til Ingvild dei siste dagane:

Fredag:
-va litt sein om morgningen, satt på med faren min ned til busskuret x]
-kom på skulen, gjekk på klasserommet, snakka litt med Ingrid Marie, før eg gjekk til matteklassa. Eg har visst matte med 1MUA (som forresten er ein utrulig merkeleg, men grei gjeng). Henrik (ein pyromanisk romvesen som spela sax) kom forseint igjen, og eg klarte å gjere nokon matteoppgåver :)
-friminutt, gjekk tilbake til klasserommet sammen med Ragnhild (ei utruleg posetiv og grei hyse (som ho kallar seg sjølv)).
-så kom engelsktimen og det gjekk no sin gong, sakte men sikkert....lærte litt om eit afrikansk land var det vell :]
-MATFRI :D gjekk ned til kantina sammen med Ragnhild og Ingrid Marie :] satt sammen med Henrik og nokon andre frå musikklinja x] kantina var stappfull, dei selde pizza, og dei fekk seldt 19 heile pizza :p Henrik satt uten sko og sokkar fordi han ikkje hadde fleire reine par x] Einar ringde til Ingvild (meg) fordi han hadde gløymt geografiboka si i skåpet, så då gjekk eg opp til skåpet hans, tok ut boka og gjekk ned til parkeringsplassen uttafor gamlebiblioteket og venta på han der....han kom kjøyrande på lettsykkelen (sia han klarte lappen på onsdag, gratulerer nokk ein gong ^^ ), tok boka og kjøyrde sin veg igjen. Ingrid Marie reiste til bussplassen fordi ho skulle heim, og eg var igjen med Ragnhild :]
-skuleklokka ringde, og timane starta igjen. Ingvild og Ragnhild var plutseleg aleine i lag med alle kantinedamene som rydda. Eg skulle vise Ragnhild ein film frå 2. og 3. musikk sin konsert som var onsdag (den var forresten veldig bra!!), for på den filmen var ei som heite Ragni, ho kjem frå Hyen og er ei venninne av Ragnhild. på filmen so song dei "Lollipop". akkurat då var det berre kantinedamene, to lærarar frå media, Ragnhild og meg som var i rommet, og sjølvsagt var lyden på høgaste volum då vi skrudde den på -.-'' kantinedamene og dei to lærarane snudde seg og såg rart på oss, vi satt berre og lo mens vi prøvde å skru ned, og dei begynte å le litt av oss. Det var ganske flaut sånn eigentleg Oo
-til slutt fann Ragnhild og eg at vi skulle ta å vandre med freidig mot nedover til busshaldeplassen i sentrum, og på veg ned der gjekk vi ein tur innom skinlo (a) der fann vi kvar sin knallfarga taits, eg ein turkis og Ragnhild ein gul, pluss at eg kjøpte meg eit nytt skjerf :] vi kom oss ned til busshaldeplassen, kom oss på kvar sin buss, og ENDELIG kunne eg komme heimatt til Breim<3
-dagen gjekk, og kvelden kom. eg skulle til sentrum og møte Synne Marte, Nina og Niclas, men vart litt over ein halvtime for sein :S men det va no kjekt alikevell. vi var først på esso, snakka med Eirin, Ellisiv og Silje, har ikkje snakka med dei på EVIGHEITA!!!! dei hadde lånt film, so dei gjekk sin veg. Niclas, Synne, Nina og eg gjekk til Elsa og skulle kjøpe snop, men eg hadde ikkje kontanta på meg.....så gjekk vi opp til banken og satt på benken der. Therese var også sammen med oss, og ho koste seg med å voldta Nina mens Nina låg på bakken x] etter ei stund forsvant Therese, og Synne blei henta, så Nina, Niclas og eg vart sittande ei stund på benken og snakka. pluss at vi vinka til bussane som kjøyrte forbi :] bussjåførane var greie, dei vinka tilbake :D så gjekk vi tilbake til esso og satt der heilt til Nina og Niclas blei henta. då begynte eg å vandre heim.....det va kjekt å gå heim!! :D va heilt nydleg vær i tillegg :] og med Kaizer Orchestra i øyra kunne ikkje turen blitt bedre!
-kom heim, såg litt på tv, og gjekk å la meg/satt litt på data

Laurdag:
-stod opp til middag, rundt halv tre ca x']
-rydda litt på rommet, såg på gamle bilder, og tok med meg Eirik og Lene, småsøskena mine, og gjekk til coopen for å handle litt :]
-kom heim og såg tv. og støvsugde støva faktisk :]
-såg meir tv, satt på msn
-åt taco <3
-snakka med folk på msn og såg tv
-gjekk til rommet mitt, la meg og var meir på data
-snakka med folk og lagde blogg x']

Trur eg sitter litt for mykje på data :S kanskje eg skal prøve å venne meg av det?
No er det søndag, og eg må øve til prøve når eg står opp....kvifor må man ha prøve på ein MÅNDAG? -.-''

jaja......detta vart visst eit litt langt innlegg......
vell......snx later :]

5 kommentarer:

  1. WOOHOOO! Endelig har du fått deg blogg! :D Trenger å vite ka som skjer på Breim om dagane :P En grunn til at du fekk blogg var at du ville glede MEG! :D Driitbra ;D

    SvarSlett
  2. ja ikkje sant niclas ^^ eg e snillde eg :]

    SvarSlett
  3. So kan du jo lage def facebook menst du er igang? :D:D

    SvarSlett
  4. nopp xp
    ikkje før eg har over 100 venna på nettby og folk må legge til meg, ikkje omvendt ^^

    SvarSlett