onsdag 23. mars 2011

Bris - Kaizers Orchestra

Bris, bris, puster meg i nakken
Det blir kaldt i frakken og kroppen skriker kom bris bris, sett meg fri
Skru på sirenen og gje meg varige mèn

Bris gjer meg roser i kinnet, tar vekk vondeminner
Bris du har stengt oss inne.
Du vinner, du vinner

Mitt navn er Kristopher, eks lokomotivfører sønn av en skipsreder.
Eg var hans stedfortreder
Eg blei tatt hånd om av ei nonne i et kloster
Eg gjekk i tjeneste for mitt land og kom heim som krigsoffer
Og eg blei lam i frå livet og ner
Og mitt navn blir ikkje lenger nevnt når folk ber
For ingen husker gamle Kristopher
Han som redda fem liv for sjølv å bli et krigsoffer

Er komt heim frå Barcelona, eit betre innlegg kjem seinare, enten i dag eller i morgon. I morgon skal eg ha tentamen i spansk. Eg har medlemskap i Hard Rock Cafe, forresten. That is fun. No er det økonomitime utan lærar, her er nesten ingen. Men det gjer ingenting, for eg får ikkje til å jobbe.....no er det mat....med meg og min nye termokopp....
Shallabaii

torsdag 10. mars 2011

I'm leavin (where you gonna go?) Barcelona !

Som eg nemde so vidt i forrige innlegg so har det skjedd utruleg mykje i det siste. Beklager at eg ikkje har fått sleppe til å skrive om det før, men har ikkje hatt internett den siste veka.... men men
Forrige torsdag, altso ei veke sidan, var eg lukkeleg saman med mi fantastiske venninne Nina Mirk, og vi tusla rundt i sentrum før vi skulle ta buss oppatt til bygda vår. Nina var på ferie heime frå skulen henna langt nede i sørdelen av landet. So skulle vi berre ein liten tur på Rimi, sekken min var tung og ryggjen verkte, so eg fann på noko som eg trudde var lurt. Eg la sekken min inn på rutebilstasjonen, bak eit stort skåp som ein kunne låse inn bagasje i. Eg hadde uheldigvis ikkje pengar til å låse det inn, so eg tok sjangsen på å legge tinga bak i hjørnet bak skåpet. På den måten ville ikkje tinga syne for folk som kom inn, og sidan vi berre skulle vere vekke ei bittelita stund kom det til å gå bra. Eg veit om folk som har gjort dette før og det har gått heilt fint!
Men den bittelille stunda vart til ei lita stund, og når vi kom attende var sekken vekk! Skulesekken min med skulebøker, notatbøker, datamaskin, kamera, ipod, alt var vekk som ei sviske! Først fekk eg panikkanfall, sprang rundt for å sjekke om nokon kunne ha låst det inn. Så vart eg deprimert, og etter det har eg berre vore sint. Korleis kunne eg finne på noko sånt? Korleis kunne nokon ta tinga mine? Sandane er ein liten plass, eg hadde aldri trudd at noko slikt ville skje! Fredags morning var eg på politiet og anmeldte det. Håpar berre at eg får tinga mine att.... seinare på fredagen var eg i bursdag til mi 80år unge farmor og åt alt for mykje kake saman med familien, deretter var det samling med gjengen oppe hos Nina. Laurdagen var familien på Gloppen Hotell og åt middag, noko som var utruleg godt! Og på kvelden åt vi kake igjen. OG på søndagen hadde mi mormor 79årsdag, so då vart det fastelavensbollar og endå meir kake. So no vege eg 678900 kilo, hurra -.-
So her sitte eg ei veke seinare, og skal reise til Barcelona i morgon tidleg, uten kamera og ipod...

ÅHERREGUD, EG SKAL TIL BARCELONA I MORGON!!!!!! På studietur, noko som kjem til å bli awesome! Skal snakke mykje spansk og endå meir engelsk. Eg skal ivertfall lære mykje spansk og om andre kulturar. Og so har den supergreie mamman min kjøpt film til eit kamera som vi brukte i barndomen min, før digitalkameraet si tid! So eg håpar å få nokon blinkskot til fotoalbumet ^^

Men no må eg nesten gå å pakke ferdig kofferten
Snakkast om 1 veke !

mandag 7. mars 2011

Dybdahl/Ottesen/Ida Maria/Zetlitz - The Sun Always Shine On T.V. [Live]



Eg er ikkje stor AHA-fan, men når so mange fantastiske artistar samlast for å framføre ei fin låt må det berre bli bra!
I det siste har det skjedd so mykje grusomt og litt fint, innlegg kjem om ikkje alt for lenge
Stikkord: tjuveri
Fortsettelse følgjer.......