mandag 28. desember 2009

4H Thalan faktisk x'D

hey alle sammen ^^ i dag følte eg for å skrive i bloggen igjen D: er ei stund sidan sist desverre.....
akkurat no so sitte eg på kjøkkenet på Breim skule sammen med Inger-Margrethe og Sara x] vi sitte i kiosk faktisk x'D har søtte her sia klokka 11 i dag føremiddag og skal vere her i kveld/natt x'D
i dag har eg vore flink ^^ eg har funne ut at det ikkje er lurt å ta på rister som nettopp er komen ut av ovnar og eg har gått strekninga spar byrkjelo-breim skule med ei handlevogn som inneholdt 24 burn, 30 pure rush og 26 gorby's x'D vi trengte visst meir varer og vi kom akkurat ikkje tidsnok til coopen -.-''
men ellers så går det heilt fint ^^ eg kan verkeleg annbefale folk å dumme seg ut avogtil med å f.eks gå rundt i sentrum med handlevogn klokka halv fem om ettermiddagen (Y)

etterpå so skal eg og I-M gå på skøyter nede med stadionbygget ^^
vell....
snx later ;]

lørdag 12. desember 2009

sorry......

sorry at eg ikkje har skreve på ei stund.....har ikkje hatt tida :s so dette innlegget skriv eg for å få visse personar til å slutte å mase.....

det e stress på skulen for tida, e snart jul og då vil visst alle lærarene at vi skal ha prøve -.-'' dinna veka hadde vi samfunnsfag, neste veke skal vi ha mattetentamen på tysdag, framandspråk-prøve på torsdag, innlevering av norskstil på søndagen og geografiprøve siste mandagen før ferie OO og innimellom der ein plass skal vi ha framføring av gruppearbeid i naturfag........ gleda meg verkeleg til juleferien for å seie det sånn -.-''


beklager, men i dag føle eg at det blir eit klage-innlegg......og sia eg er så godt i gang, kan eg jo snakke om ein grusam ting, nemleg gruppepress..!
gruppepress er grusamt rett og slett! i livet so møte ein på gruppepress stadig vekk, enten det er drikkepress, røykepress, eller at folk vil ha deg med på forskjellige ting heile tida. ein har jo nesten ikkje hjarte til å seie nei heile tida. og det er eit stort problem :S men eg kan med henda på hjartet seie ærleg at eg verken har drøkke eller røykt endå (viss ein ikkje telle med ufrivilleg passiv røyking)
her om dagen på skulen i naturfagtimen fekk vi utdelt ein anonym spørjeundersøkelse av læraren som var frå matteklassa henna. den gjekk ut på "kor mangen timar brukar du på facebook? i kass skulefag er du innpå facebook mest?" då var eg så heldig som kunne svare "haha, har ikkje facebook!! x'D LoL! x'D ROFL x'D x'D" og bak meg så høyrte eg to som snakka om korleis dei fekk seg facebook, nemleg at dei ga etter for gruppepress!
sorry niclas, nina og alle andre som vil at eg skal lage facebook, Eg vil ikkje gje etter for gruppepress! viss eg skal lage meg facebook, so vil eg lage det fordi EG vil det, ikkje fordi at DOKKE vil det! kan dokke versosnill å respektere min beslutning? eg orka nesten ikkje meir........




og til slutt kjem eit bilde som eg tok i dag faktisk.........*stolt*

vell....
snx later....

mandag 23. november 2009

gøy på landet.....


ja.....då va ein ny veke starta, ny veke med nye muligheitar....hurra -.-''

laurdag vart eg styremedlem i Eggenipa 4H x'D søndag var eg på fellesøving med Breimskulekorps, Sandane skulekorps, Hyen skulekorps og Gloppen janitsjar -_- men det va no litt kjekt fordi vi fekk gratis mat xD


fekk berre lyst å gje dokke eit vakkert bilete av meg og Batmirk ^^ løvyababe <3

no skal vi ha samfunnsfag

vell......

snx later ;]

lørdag 14. november 2009


Her er bildet eg lovte deg Mirken :] this is Einar to the høgre, and Ivo to the venstre :] to glade happyface på haustfest x]
Menmen.......no skal eg ned til coopen og feire bursdagen til Niclas :D han har bursdag i mårra :D det blir no kjekt ^^
i går va det idk :D kjempe kjekt :D kviskreleiken, Einar skremde vekk småunga og vi hadde deet kjekt ^^
på skulen va eg ikkje heilt på topp -.-'' e litt forkjøla :S i mattetimen satt eg å snakka med folk på msn, og gjorde litt matte
i engelsken fekk eg lov til av læraren å sette meg fram til Einar og Ivo :p ho læraren e grei ho ^^
Sigrid og Einar hadde framføring om Pakistan, Berit og Maiam (sorry viss eg har skreve det feil:S) hadde framføring om Jamica ^^ Ivo lærte meg noke i engelsken, men det har eg gløymt no x]
vell.........
Snx later ;]

onsdag 11. november 2009

SORRY -.-''

Greit, aller først so vil eg berre beklage at eg ikkje har skreve på ei stund.......fann ut at det kanskje ikkje var so interesant å lese om kva eg har gjort den og den dagen, so eg har tenkt og tenkt på ka eg kan skrive.....vell, eg fann ikkje noko fornuftig svar, men det hadde du sikkert ikkje forventa at eg kom med heller x]

Her i huset har lillesøstra mi vore heime sia forrige fredag, grunn: svineinfluensa. Eller vanleg influensa. Vi veit ikkje, legane tar visst ikkje å sender inn prøver lenger, so då må jo ein stakkars sjuk person berre vere heime i sju lange og sju breie og kan ikkje gjere ein dritt.
på skulen har vi eit ganske stort fråvær i klassa pga nettopp svineinfluensa...........
og på toppen av kransekaka: eg føler meg ikkje heilt på topp sjølv -.-'' men har misstanke om at eg berre e forkjøla :]

So vil eg gratulere eit nytt kjærestepar i førsteklasse på Firda :D skal ikkje røpe kven det er, men dei er ganske søte i lag ivertfall ^^

i mårra skal vi ha halvdagsprøve i norsk hovudmål, altso nynorsk for min del :] det kan jo bli artigt x]
håpa det kjeme til å gå like bra (eller betre) enn heildagsprøva i sidemål, der fekk eg 4+. og selvfølgelig vart eg glad for den karakteren, men so møtte eg på Ingrid Marie som fekk 5+ trur eg det va, og Raggasopp som fekk 6! -.-'' men eg e fortsatt fornøgd med min karakter, so desså :J

nei, no må eg nesten ta å legge meg slik at eg ikkje sovnar over datamaskina i mårra.....
vell......
snx later ;]

mandag 2. november 2009

plasketiplask

uff....no er det alt for lenge sidan eg har skreve, e berre å beklage :S
kan forkorte helga mi:
-fredag; IDK :D nina, einar og ingvild rista når dei ler, og niclas lika kastesystemet til freddo x]
-laurdag; va på kleppsstøylen i lag med besteforeldra mine og småsøskena mine :] gjekk på støyvastøylen sammen med eirik og lene etter rømegrautmiddag, ikkje ein god ide x]
-søndag; va på støylen igjen, sammen med besteforeldra mine og pappaole-andreaseirikoglene...gjekk frå utvikfjellet og heimatt via den trondjemske postvei (eller ka det heite) kjekt x] brann spelte mot rosenborg, va 1-0 til pause, endte 1-1 ved kampslutt -.-
-i dag; hadde ikkje bading, mobba einar for at han mista linsene i bassenget og kjøpte iste i kantina :D

no skal vi ha samfunnsfag
vell.....
snx later ;)

mandag 26. oktober 2009

Wooooho ^^

LoL x] no sitte eg på klasserommet sammen med Einar, Raggasopp og Ivo og høyre på den eine fantastiske gitarriffet etter det andre :D Kan ein ha det betre??? ^^
-tvila.... XD
va ei stund at kristineogkristine irriterte oss med lady gagga eller ka det va, men det gjekk heldigvis over ^^

I går var eg på korps igjen.....vi hadde basar :p va kanskje litt lite folk, men vi fekk inn ein god del pengar, nemleg 43 000 kroner :O :D :D
familien min vann ein del som vanleg -.-'' men til ei forandring så vann eg og :D eg vann ein liten bamse på åresalg, den ligna litt på ein vaskebjørn xD men eg gav den vekk til ei lita jente ^^ det såg litt ut som ho hadde lyst på den, og eg hadde ikkje så lyst på den C: eg hadde meir lyst på kyrabamsen som pappa vann :(
etter basaren kom besteforeldra mine opp til oss og åt litt mat :] vi snakka om litt forskjellig, blant anna slekt. no e eg plutselig seksmening med meg sjølv x'] og fire- og fem-mening med folka som eg dela busskur med x] men det e på mamma si side og pappa si side, ikkje samme side av slekta x]
etter det las eg litt i "Kakkerlakkene" av Jo Nesbø (ein meget god bok!!), såg Varg Veum på tv2, og tilslutt såg eg siste del av "Day a nother day", James Bond. Den e bra :p
til slutt gjekk eg å la meg x]

du har gjort på hittil i dag då?? tell me ;)

vell.....
Snx later ;)

lørdag 24. oktober 2009

PINOCCHIO :D

"det er ingen tråd som holder meg
å gjør meg gla og sur og lei
trallala, nå er jeg fri,
det hele er forbi!"

Fy flate, eg elska den filmen :D Pinocchio må vere den beste fimen frå Disney :D
kom ned frå rommet og ned i stova, og ka det va småsøkena mine fortalde meg: jo, det va at det va Pinocchio som var kveldens film på Dinsey Channel :D eg vart so gla at eg kunne ha begynnt å grine gledestårer x'D

"Pinocchio, du er allergisk!
-Allergisk?
-Ja, og det du trenger er en ferie på Eventyr-øya!
-Eventyr-øya?"

Dagen i dag har godt med til å øve med korpset x] vi skal visst ha basar i mårra x'D
dagens lille morsomheit: ......, sa brura x]

no har eg ikkje tid til å skrive meir, skal ete mat ^^
vell.....
snx later ;)

trøøøøtt :S

omg, no e eg jammen trøtt -.-'' men får ikkje sove >_< what to do?? vell....skrive blogg xD
dei to siste dagane har vore kjekke!! :D torsdag hadde vi id (internasjonal dag) der heile skulen var samla og hadde aktivitetar i lag :D først var vi i kultursalen og såg ein film angåande opperasjon dagsverk, den va skikkelig trist :( so var det ei som heitte Anne Pia som har søtte i rullestol i 20 som hadde ei lita tale om korleis det var å sitte i rullestol. Ho havna i rullestol då ho var ca 10 år gammal pga ein LEGEFEIL!! :O livet e grusomt urettferdig sometimes!! :'(
so hadde noken frå andre og tredje musikk eit lite innslag. dei framførte "smoke on the water" med bind for auga x] trudde eg skulle le meg ihel Cx
etter det var det spørsmålsrunde der vi skulle svare ved å gå til skiltet som stod "JA" "NEI" "VEIT IKKJE" og "KANSKJE". eit av spørsmåla var: har siv jensen fine puppa? då var det ein som blei spurd som hadde stilt seg på "KANSKJE" og han svarte "vell...puppa e no puppa!" x'D GENIALT SVAR!!!!! x'D
så hadde vi lang pause :D einar tvang meg med opp på klasserommet for å ete, og vi kobla ipoden min til høgtalarane på klasserommet ^^ virka som at dei fleste som var der ikkje hadde noke imot musikken min :D ^^ anders sa at eg eige i ipcurve (eg eige ivertfall til å tape xD) og eg tok plassen til ivo fordi han åt opp sjokoladen min dagen før, og han sa meg ikkje i mot :]

Etter mat gjekk alle firdaelevane til dei aktivitetane dei skulle på, åsså var vi der resten av dagen ^^ me and Ragnhild havna på teatergrei der vi skulle dramatisere ei lita fortelling (som vi skulle lage sjølv) om korleis det var å vere funksjonshemma. gruppa eg var på hadde ei genial historie: djevelen var lei seg fordi han ikkje fekk til å spele piano eller å koste med ein kost fordi han hadde ei skjeletthand som ikkje funka til noko. derfor straffa han alle som klarte noko han ikkje klarte. ein ballerinamann blei døv slik at han ikkje kunne danse i takt med musikken, ein gatefeiar mista eine foten slik at ho ikkje kunne gå rundt å feie, ein historiefortellar vart stum slik at ho ikkje kunne fortelle, ein vaskemann vart blind slik at han ikkje kunne vaske og ein tvilling kunne ikkje lære den andre tvillingen å spele gitar pga at dei vart siamesiske tvillingar (meg og Raggasopp xD). men vi løyste alle problema ved at den eine delen av dei siamesiske tvillingane tok grep mens den andre slo laus på strengane, den døve ballerinaen trilla den blinke vaskemanne rundt slik at han fekk vaske, og den stumme fortalde på tegnspråk medan gatefeiaren brukte kosten som stokk og fortalde kva den stumme sa ^^
eg syns vi var flinke eg ^^

etter skulen gjekk eg, Raggasopp og Ingrid Marie ned på sandane og shoppa litt før vi for heimatt til kvar vår plass ^^


fredagen gjekk med til å vaske å rydde i huset heime for å tjene pengar til funksjonshemma barn og unge i Afrika.
etter det var eg på IDRETTSKLUBBEN!!!! :D det var dritkjekt som alltid :D ^^
nina var der, niclas var der, einar var der, synne var der, eirin var der, andrea var der, jim var der, osvosv
einar kjøyrte andrea heim xD

men NO MÅ eg legge meg -.- brukte ganske lang tid på dette innlegget xD
vell....
snx later ;)

onsdag 21. oktober 2009

SVIIIIIMMEL O_O''

Fy flate kor kjekt det va på svingkurs!!!!! :D
kom ned og tenkte "no daua eg! eg kjeme til å daue!!" men det vart ikkje so arvorleg heldigvis x]
første vi lærte va grunnsteg, so skulle jentene plukke seg ut ein gut, og eg valde sjølvsagt broren min x'] (yess folkens, han va der og!) og for å sitere meg sjølv: viss eg først skal dumme meg ut, so skal eg ivertfall dumme meg ut med nokon eg kjenner!
men so skulle gutane plutslig rulere, slik at eg fekk ein ny mannskropp forran meg O_O
her er ei liste over dei eg dansa med ivertfall:
Ole-Andreas (bror min)
Kjetil (3.musikk)
Olay (3.musikk)
Elling (3.allmen kanskje)
Børge (1.musikk)
Jøran (1.musikk)
Jøran var slem mot meg, fordi han fekk meg til å snurre rundt mange gonger -.-''
i løpet av kvelden oppdagde eg at:
-det går ann å sjå dobbelt
-golv kan bli diagonale (ivertfall for auga)
-og sving e litt kjekt faktisk x'D

vell......
Snx later ;)

Skal, skal ikkje??

Off.....då var heildagsprøva i sidemål unnagjort for denne gong x]
all nett på skulen var stengt (unntatt fronter) så eg fekk ikkje skreve før no -.-
vell......skreiv 2637 ord eller kva det var, bittelitt over 4 sider (uten linjeavstand 1,5 xD) og no håpar eg at det blir ei stund til neste gong eg må skrive bokmål -.-''
då eg va ferdig med skrivinga, lasta tingen opp på fronter og gått ut av klasserommet, var einar ferdig også :p så vi gjekk til lekserommet på biblioteket for einar ville spele bilspel med ivo.
ivo var der og han og einar åt opp sjokoladen min O_O''
satt også ei stund sammen med ragnhild og ingrid marie i kantina, eg kjøpte meg ein kokkosnammenamgreie og va litt småhyper x] lure på om eg ikkje tåle sukker :S
eg og ragnhild bytta hue også xp

til middag hadde eg pannekake med sukker på :D
og no sitter eg og lure på om eg skal på svingkurs eller ikkje.....skal, skal ikkje?

vell....
snx later ;)

tirsdag 20. oktober 2009

Woho -.-'' trøøøøøøtt -.- trur dette blir eit kort innlegg....
dagen i dag: -spansken gjekk RÆVA
-klarte å gjere ein del i mattetimen x]
-einar plagde meg som vanleg i matfri o_o'' satt meg til slutt under eit bord og satt der (Y)
-engelsken gjekk bra x'] freddo va der før basstimen sin og kjøpte kokkusnammenam til meg og Ragnhild ^^
-satt ei stund i kantina sammen med Ragnhild og Ingrid Marie etter skulen
-kjøpte ny kvit skjorte til korpsbasaren (Y)
-fekk dei nye brillene mine x']
-fekk middag med bestemor og bestefar :D
-halvsøv forran tv heime + at eg øvde på saxen (Y)
og no legge eg meg :D

Snx later ;)

GAAAAAAAAAAD!!!! WHY ME????!!


No er eg lei alt so heite spansk!!!!!! >:[ I heile kveld har eg søtte forran dataskjermen og skreve på spansktingen om Madrid, og ka skjer?? Jo, heile Open Office fucka seg TOTALT og allt eg hadde skreve sletta seg >:@ du kan berre gjette kor forbanna eg vart!! why me?? ka har eg gjort gale?? :'(

So sia klokka kvart på tolv ca har eg søtte og skreve oppatt heile forbanna greia. Dokumentet fann visst ut at det skulle slette seg frå heile datan -.-''

Men no håpar eg at eg ser lys i enden av tunnellen slik at eg kan legge meg og sove snart >_<''


Bildet øverst er forresten tatt på hytta til Nina. Vi hadde det ganske kjekt på den hytteturen Nina<3 håpa vi får moligheten til å gjer noko lignande med gjengen :D "Gjengen" består av Nina, meg, Synne Marte, Einar, Niclas og meg :P "Tyskarane kjeme aldri til å finne oss!!" Haha x'] eg har så mange gode minner frå den turen<3 og mange fine bilder :D var litt dumt at turen slutta so tideleg for min del, men det var no kjekt på den andre hytteturen også :] OMG, eg savna dokke NINA, SYNNE og NICLAS!!! :S men eg gleda meg til fredag, for då kjeme dokke forhåpentligvis heim til Breim og idrettsklubben :D fyfaen te kjekt det blir!! :D

butbut, eg må kanskje skrive meir spansk viss eg skal bli ferdig x]
og før eg gløyme det, ka syns du om bildet?? ^^

Snx later ;)

mandag 19. oktober 2009

Me llamo Ingvild y hablo un poco español -.-

Jaja....så var ei ny veke igang....litt deilig å komme tilbake på skulen, but still; eg vil ha meir fri -.-
I dag so begynnte ikkje dagen så bra x'] måtte sitte på med pappan min ned til busskuret for å ikkje bli forsein xp men eg rakk den (Y) so kom meg på skulen og hadde matte :p Henrik kom for seint IGJEN men ellers så gjekk mattetimen som vanleg
I naturfag gjekk vi gjennom forsøka vi hadde forrige veke (som var litt tøffe :D ) og plutselig var det gym -.- det ekkje det at eg ikkje lika gym, men i dag va det ikkje so kjekt O_O'' vi hadde masse hopping, intervalla, spensttrening i trapper og basket. Må berre sei at eg likte basketen best ^^
Matfri va kjekt, satt i kantina sammen med Ragnhild, Ingrid Marie og Henrik. Broren min oversåg meg, og eg måtte øve til prøve -.-'' prøva gjekk forresten rett til HELVETTE!!!! :[
i samfunnsfag satt eg mest å las i geografiboka, og vi delte oss opp i grupper. vi skal visst starte med å finne ut om land som har mykje konflikter (eller ka det va). Anyways so skal eg og Ragnhild arbeide sammen om Sri Lanka :D blir kjekt det ^^

Korpsøvinga va kjekk, men eg må øve meir :S Synne Marte kom i dag :D :D :D og vi fekk muffins ^^ og då eg kom heim såg eg litt på Simpsons (eller kossen det skrivast) og der song dei ein song som vi spela i korpset no xD

But now I must go, må skrive ferdig på spansken.....skal visst ha framføring i mårra -.-''
Snx later ;p

søndag 18. oktober 2009

Prøve? WTF??

Då eg vakna i dag (rundt halv tre x] ) so tenkte eg berre "Fuck! Prøve i mårra!" So eg stod opp, fann noko vetige klede som ein kan bruke på ein søndag, og gjekk ned til kjøkkenet for å ete middag, eller i mitt tilfelle; frukast x] men det va ein god frukast :] viltgryte med hjortekjøt med kokte poteter og gulrot ved siden av er berre nydleg<3

Og med kjelost i ovnen kunne eg ikkje ha fått bedre søndagsmiddag :D


Etter eg hadde ete meg mett, vandra eg vidare opp trappa og tilbake til rommet mitt, fann geografiboka og starta å lese......boring -.-'' kvifor må man ha prøve på ein MÅNDAG?? greitt, den er ikkje før i siste timen, but still, it's a monday for god sake!

og tysdag skal vi ha framføring i spansk, om madrid Oo det kjeme jo til å gå kjempebra .___.

og onsdag skal vi ha heildagsprøve i norsk sidemål, i mitt tilfelle: bokmål -.-

så jeg må kanskje begynne allerede i dag å snakke bokmål slik at ikke hele onsdag går til helvette :S


Ellers så går dagan framover.....

Tenkte forressten å presantere mottosongen til 1STA x] takke vere vår kjære kontaktlærar, Margot Sande, har vi eigen mottosong: Vi vandrer med freidig mot :]

so no skal eg prøve å skrive den ned, etter slik eg hugsar den oppi hovudet:

Vi vandrer med freidig mot, vårt sinn er lett og rapp for fot

i høyden langt oppå fjellet, i dypet ved fosseveldet

la veien gå hvorhen den vil

vi vandrer frem med sang og spill


viss du hugsar teksen betre enn meg, plis hjelp meg x']


Nei, no må eg jammen ta å lese meir geografi her, slik at eg ikkje stryk på prøva O_O
Snx later :]

The Big Start

Hahahaha x'] Kva skjer med verda?? Jo, det skal eg seia deg; Ingvild Førde, aka Robvild Ingvaldsen, har laga seg blogg!! Grunn: har ikkje funne det ut endå..... men finne det vell ut etter kvart.

Livet går sin gang over heile verda, og slik gjer det her på Breim også.....
Kan kanskje begynne å fortelle litt om livet til Ingvild dei siste dagane:

Fredag:
-va litt sein om morgningen, satt på med faren min ned til busskuret x]
-kom på skulen, gjekk på klasserommet, snakka litt med Ingrid Marie, før eg gjekk til matteklassa. Eg har visst matte med 1MUA (som forresten er ein utrulig merkeleg, men grei gjeng). Henrik (ein pyromanisk romvesen som spela sax) kom forseint igjen, og eg klarte å gjere nokon matteoppgåver :)
-friminutt, gjekk tilbake til klasserommet sammen med Ragnhild (ei utruleg posetiv og grei hyse (som ho kallar seg sjølv)).
-så kom engelsktimen og det gjekk no sin gong, sakte men sikkert....lærte litt om eit afrikansk land var det vell :]
-MATFRI :D gjekk ned til kantina sammen med Ragnhild og Ingrid Marie :] satt sammen med Henrik og nokon andre frå musikklinja x] kantina var stappfull, dei selde pizza, og dei fekk seldt 19 heile pizza :p Henrik satt uten sko og sokkar fordi han ikkje hadde fleire reine par x] Einar ringde til Ingvild (meg) fordi han hadde gløymt geografiboka si i skåpet, så då gjekk eg opp til skåpet hans, tok ut boka og gjekk ned til parkeringsplassen uttafor gamlebiblioteket og venta på han der....han kom kjøyrande på lettsykkelen (sia han klarte lappen på onsdag, gratulerer nokk ein gong ^^ ), tok boka og kjøyrde sin veg igjen. Ingrid Marie reiste til bussplassen fordi ho skulle heim, og eg var igjen med Ragnhild :]
-skuleklokka ringde, og timane starta igjen. Ingvild og Ragnhild var plutseleg aleine i lag med alle kantinedamene som rydda. Eg skulle vise Ragnhild ein film frå 2. og 3. musikk sin konsert som var onsdag (den var forresten veldig bra!!), for på den filmen var ei som heite Ragni, ho kjem frå Hyen og er ei venninne av Ragnhild. på filmen so song dei "Lollipop". akkurat då var det berre kantinedamene, to lærarar frå media, Ragnhild og meg som var i rommet, og sjølvsagt var lyden på høgaste volum då vi skrudde den på -.-'' kantinedamene og dei to lærarane snudde seg og såg rart på oss, vi satt berre og lo mens vi prøvde å skru ned, og dei begynte å le litt av oss. Det var ganske flaut sånn eigentleg Oo
-til slutt fann Ragnhild og eg at vi skulle ta å vandre med freidig mot nedover til busshaldeplassen i sentrum, og på veg ned der gjekk vi ein tur innom skinlo (a) der fann vi kvar sin knallfarga taits, eg ein turkis og Ragnhild ein gul, pluss at eg kjøpte meg eit nytt skjerf :] vi kom oss ned til busshaldeplassen, kom oss på kvar sin buss, og ENDELIG kunne eg komme heimatt til Breim<3
-dagen gjekk, og kvelden kom. eg skulle til sentrum og møte Synne Marte, Nina og Niclas, men vart litt over ein halvtime for sein :S men det va no kjekt alikevell. vi var først på esso, snakka med Eirin, Ellisiv og Silje, har ikkje snakka med dei på EVIGHEITA!!!! dei hadde lånt film, so dei gjekk sin veg. Niclas, Synne, Nina og eg gjekk til Elsa og skulle kjøpe snop, men eg hadde ikkje kontanta på meg.....så gjekk vi opp til banken og satt på benken der. Therese var også sammen med oss, og ho koste seg med å voldta Nina mens Nina låg på bakken x] etter ei stund forsvant Therese, og Synne blei henta, så Nina, Niclas og eg vart sittande ei stund på benken og snakka. pluss at vi vinka til bussane som kjøyrte forbi :] bussjåførane var greie, dei vinka tilbake :D så gjekk vi tilbake til esso og satt der heilt til Nina og Niclas blei henta. då begynte eg å vandre heim.....det va kjekt å gå heim!! :D va heilt nydleg vær i tillegg :] og med Kaizer Orchestra i øyra kunne ikkje turen blitt bedre!
-kom heim, såg litt på tv, og gjekk å la meg/satt litt på data

Laurdag:
-stod opp til middag, rundt halv tre ca x']
-rydda litt på rommet, såg på gamle bilder, og tok med meg Eirik og Lene, småsøskena mine, og gjekk til coopen for å handle litt :]
-kom heim og såg tv. og støvsugde støva faktisk :]
-såg meir tv, satt på msn
-åt taco <3
-snakka med folk på msn og såg tv
-gjekk til rommet mitt, la meg og var meir på data
-snakka med folk og lagde blogg x']

Trur eg sitter litt for mykje på data :S kanskje eg skal prøve å venne meg av det?
No er det søndag, og eg må øve til prøve når eg står opp....kvifor må man ha prøve på ein MÅNDAG? -.-''

jaja......detta vart visst eit litt langt innlegg......
vell......snx later :]