torsdag 19. januar 2012

Marilyn & meg


"I'm selfish, impatient and insecure. i make mistakes. I am out of control and at times, hard to handle. But if you can't handle me at my worst, then you don't deserve me at my best."




Marilyn Monroe
Fødselsdato 1. juni 1926
Dødsdato 5. august 1962
Vi er bursdagsbuddyar

mandag 16. januar 2012

Namnesystrer & nynorskelskarar

Kunne du tenkje deg å kysse utan di eiga tunge?
Slik ville det vere å bruke bokmål for meg.


Ingvild Bryn, nyheitsanker i NRK

tirsdag 10. januar 2012

"How about a kiss, Saumensch?"

Ja, eg er her framleis. Det er lenge sidan eg lovte å kome med fleire innlegg, "Eg skal vere kjempeflink til å skrive og endå flinkare til å poste nye innlegg! Lovar!" Vell, kva kan eg seie? Eg tok feil. Eg fekk ikkje tid til å poste nye innlegg, og når eg først hadde tid, orka eg ikkje. Men no er kanskje kreativiteten min tilbake, det er ivertfall lov å håpe....

Det har skjedd litt av kvart sidan eg posta noko, det var vell i oktober viss eg ikkje tar feil. Men det har vore julefeiring og romjulsorkan. Duste-Dagmar. Ikkje det at eg trenge straum for å klare meg, men det var kritisk ei stund då vi ikkje fekk melka kyrne våre. Heldigvis so har vi ikkje so mange kyr, men det var gale nok likevell å vere uten straum i rundt 67 timar, og vi ikkje fekk melke dyra før seint på måndagen. Heldigvis har vi snille naboar med agregat. Men eg kjeda meg ikkje i mørkret, eg hadde lommelykt og ei bok. Boka heitte "The Book Thief" og er skriven av Markus Zusak. Dette står bak på boka:
"It is 1939. Nazi Germany. The country is holding its breath.
Death has never been busier, and Willy become busier still."

Tittelen på innlegget er henta frå boka. Det var ein ung gut, i ferd med å bli vaksen, som sa dei orda. I fleire år sa han dei orda, til ei ung jente som var i ferd med å bli vaksen. Forskjellen var at ho kom til å vekse opp, han gjor ikkje.

Dette er ei av de finaste bøkene eg har lese. Meir vil eg ikkje avsløre av handlinga, les den heller sjølv, so skjønar du kanskje kvifor eg likar den so godt.


(Her skulle eigentleg vore bilder i innlegget, men det får eg ta att ein dag eg sitter ved datamaskina. No sitter eg ved ipaden. Den er fin og veldig praktisk størrelse på, men har framleis ikkje fått til å laste opp bilder med den. Men bilder kjem, so fort som eg klarar!)

(Her kjem også fleire innlegg etterkvart, gje meg tid)