torsdag 20. oktober 2011

Blå veggjar og strikkajakke

Har store planar. Store, fine planar. Må berre få tid til å gjennomføre dei først.
Det er eit stort og fint prosjekt som vil havne her.
Men kan ikkje seie meir om det no.
Akkurat NO har eg fritime, sitter på klasserommet med dei blå veggjane,
ute er det snø i fjella og eg har pappa si gamle strikkajakke på
som bestemor strikka til han for lenge lenge sidan.
Den er god og varm, og det kan ein trenge på dagar som denne.





No er det snart time, før ein kan få lov til å reise heimatt til
varme tepper og rykande te. Nam!

søndag 25. september 2011

Eit lite stykke Kina

Var som sagt på kinaresturang på fredagen, for første gong i mitt liv. Hadde tenkt på å reise dit mange gongar, men det vart aldri. Før fredag. Og eg angrar på at eg ikkje har reist før!

Spesielt når stolane såg slik ut



Og veggane slik


Vi fekk ete med pinnar som var pakka inn i fin serviett



Der var fine glas



Sjølv om Ragnhild fekk fleire isbitar enn meg og ei sitronskjeve


Men eg kunne ikkje bli sur på ein so søt person



Mens vi venta på maten, lurte sola på kva vi skulle få, og det gjorde igrunn eg òg, for eg lot Ragnhild bestemme for meg kva eg skulle ete



Og DET angrar eg ikkje på!
Eller, eg vart litt for mett, men det er mest min eigen feil.
Eg presenterar: Kylling i carry





Etter på gjekk vi på skojakt og klesjakt og alt-mogleg-jakt, og eg kom heimatt med halve byen, for ja; Førde er ein by. Faktisk. Men det skal òg nemnast at den er kåra til Noregs styggaste by. Med god grunn.....

Vi drakk kakao på den lille kafeen med den gode italienske isen, den var heilt bob-bob.


Men eg kom heimatt med nye sko







Og ny og fin og lita skrivebok som skal vere med meg overalt
og fange alle dei merklege tankane mine
Resten av jaktfangsten får vi kome attende til ein annan gong
God natt

lørdag 24. september 2011

Back

Er straks tilbake, skulle gjerne skrivet det no, men når ein sovnar fire gongar i løpet av ei setning så ventar eg til eg har stått oppatt seinare i dag med å legge ut bilder frå den einaste og den finaste kinaresturangen eg har vore på.

Som sagt, det er seint på natta.
God natt !

søndag 19. juni 2011

Italia og Kaizers Orchestra

Ja, eg veit eg ikkje har vore flink å posta noke på lenge.
Og det blir endå lenger til neste gong.
I dag reiser eg snart til Italia ein liten snartur.
Love it !

Var på Sommarfest i Sunnfjord for ikkje so lenge sidan.
Kaizers Orchestra spelte der.
Eg blei nesten trakka ned stort sett heile tida.
Men det var verdt det.
Beste bandet, både live og på plate!

onsdag 1. juni 2011

Å faen, er plutseleg vaksen!

I dag har eg bursdag....er plutseleg 18......betyr det at eg er vaksen?
Positive ting med å bli 18:
-eg får eit mykje friare liv
-eg får sleppe inn på fest til helga når Kaizers Orchestra, Fonza, Ingenting og Eva and the Heartmakers spelar
-eg kan ta billappen, må berre bli klar for det først
-PAAAAAAAARTEY IN MY HEART !

søndag 8. mai 2011

Premie?

10 kr til den som ser noko nytt !

Forandring for ein skulelei person som lengtar mot sommaren

http://youtu.be/oFhUUOQFH-c
(Her skulle det eigentleg ha vore ein video, men i dag vil bloggen drive med faenskap og vil ikkje fungere riktig. Har prøvd ørtenhundrede gongar å publisere innlegget, både med og utan video, so dykk får klare dykk med youtubelink. Trykke dokke på den kjem dokke rett innpå ein video som presenterar årets Malakoffartistar. Love)

Gledar meg noko sjukt til sommaren. Eller juni òg. Blir 18 den 1., og skal på festival 4. med 18-års aldersgrense, og høyre Kaizers Orchestra og Ingenting! Er hovudsaklig dei eg gledar meg til den dagen

Seinare, nærmare bestemt første veka etter skulen er slutt skal eg til Italia med skulekorpset. Vi reiser utan instrumet. Eg gledar meg noko sjukt!

I juli, nærmare bestemt den 22., er det Malakoff Rockefestival, med blandt anna The Wombats, Kvelertak, Honningbarna, Kråkesølv, Datarock og mange andre. Gå inn på malakoff.no for meir info: http://malakoff.no/ARTISTAR/Åretsartistar.aspx

Og innimellom Italia og Malakoff kjem der ein hyttetur med fantastiske folk som eg ikkje hadde klart meg uten! Og ein countryfestival. Country ekkje den beste musikken, men stemninga og livet er fantastisk. Bygda sitt innbyggjartal blir fordobla ei helg i året. Love!

No for tida er eg sleta og skulelei. Sist veke hadde eg mattetentamen på tysdag for deretter ha biologiundervisning sjølv om eg hadde fri, skulle eigentleg ha historieforedrag på onsdag men vart ikkje ferdig med det, torsdag var det biologitentamen og fredag spansktentamen. Måndag skal vi ha ei prøve i norsktimen, tysdag skal eg ha økonomitentamen og onsdag eller torsdag skal eg ha historieforedraget. Og so er det snart 17.mai, so no må eg øve på harde livet viss eg skal overleve dagen med å spele i to korps. Men det er fint å tenkje på at eg kanskje har hatt mi siste matteprøve og mi siste spanskprøve for alltid! Viss eg ikkje kjem opp til eksamen. Gruar meg til eksamen.....

Her på bloggen kjem det til å bli ei lita forandring. Dette er kanskje siste gong eg skriv noko særleg om meg sjølv eller kva eg gjer om dagane. Følar at det blir heilt feil å legge ut so mykje om meg sjølv på nettet (so kvifor lagde eg blogg i det heile tatt tenkjer du kanskje) men framover so kjem eg heller til å legge ut musikk eg syns er bra, bilder eg har tatt og tekstar som er fine. Har gått tom for bloggidear, vil ikkje at bloggen skal ende opp som "rosablogg" eller bloggar der eigarane skriv kva dei har gjort frå morning til kveld, ganske detaljert og skreve om alt dei har ete den og den dagen og kor mange gongar dei måtte tygge før dei kunne svelge. Ingen er intressert i slikt. Trur eg.

Nei, eg er ikkje sur for tida, er berre lei....

tirsdag 26. april 2011

Tida fram til i dag

Sidan sist har det skjedd so mykje at eg ikkje har hatt tid til å skrive noko om det, eller, eg har prioritert andre ting. Som skulearbeid og sånnt. Skal prøve å bli flinkare, men kan ikkje love noko. Neste veke blir det ei rein h****ttes veke med mattetentamen på tysdag, historieforedrag på onsdag, biologitentamen på torsdag og spansktentamen på fredag (no i våre dagar seier man kanskje heildagsprøver i staden for tentamen, men tentamen høyrast kulare ut, så desså!)








Vell....kva har skjedd i det siste....?






Eg har vore ei veke i Barcelona med spanskklassene på trinnet, fantastisk oppleving! Barcelona er difinitivt ein by eg skal attende til!



Litt av byen, bilde tatt frå Tibidabo, ein super fornøyelsespark



Eg har kjøpt med kamera, min finaste baby atm....




Eg var i Trondheim på NM i Janitsjarmusikkorps, budde på hotell med to klarinettar, Synne & Iselin. Vi hadde det superkjekt, sjølv om vi ikkje vann. Kom på 7.plass av 15 i vår divisjon, ellernokesånnt.




Det har vore påske, og Nina har vore heime, og jaggu vart det ikkje ein liten hyttetur på Skinlohytta i lag med frk Nina og hr Einar. Funfunfun! Vi var reine Lars Monsen-gjengen, fakta faen! Vi trossa djup snø på truger, utan å ha hatt so altfor store kunnskapar til truger. Superfun!








Har ikkje tid til å skrive meir no, har engelsktentamen i mårra....Og btw, eg har påskeegg i lilla kartong. MOHAHAHA




Dette innlegget blei publisert dagen etter det vart skreve, pga dritinternett i heimen. Tentamenen gjekk fint, håpar eg.

onsdag 23. mars 2011

Bris - Kaizers Orchestra

Bris, bris, puster meg i nakken
Det blir kaldt i frakken og kroppen skriker kom bris bris, sett meg fri
Skru på sirenen og gje meg varige mèn

Bris gjer meg roser i kinnet, tar vekk vondeminner
Bris du har stengt oss inne.
Du vinner, du vinner

Mitt navn er Kristopher, eks lokomotivfører sønn av en skipsreder.
Eg var hans stedfortreder
Eg blei tatt hånd om av ei nonne i et kloster
Eg gjekk i tjeneste for mitt land og kom heim som krigsoffer
Og eg blei lam i frå livet og ner
Og mitt navn blir ikkje lenger nevnt når folk ber
For ingen husker gamle Kristopher
Han som redda fem liv for sjølv å bli et krigsoffer

Er komt heim frå Barcelona, eit betre innlegg kjem seinare, enten i dag eller i morgon. I morgon skal eg ha tentamen i spansk. Eg har medlemskap i Hard Rock Cafe, forresten. That is fun. No er det økonomitime utan lærar, her er nesten ingen. Men det gjer ingenting, for eg får ikkje til å jobbe.....no er det mat....med meg og min nye termokopp....
Shallabaii

torsdag 10. mars 2011

I'm leavin (where you gonna go?) Barcelona !

Som eg nemde so vidt i forrige innlegg so har det skjedd utruleg mykje i det siste. Beklager at eg ikkje har fått sleppe til å skrive om det før, men har ikkje hatt internett den siste veka.... men men
Forrige torsdag, altso ei veke sidan, var eg lukkeleg saman med mi fantastiske venninne Nina Mirk, og vi tusla rundt i sentrum før vi skulle ta buss oppatt til bygda vår. Nina var på ferie heime frå skulen henna langt nede i sørdelen av landet. So skulle vi berre ein liten tur på Rimi, sekken min var tung og ryggjen verkte, so eg fann på noko som eg trudde var lurt. Eg la sekken min inn på rutebilstasjonen, bak eit stort skåp som ein kunne låse inn bagasje i. Eg hadde uheldigvis ikkje pengar til å låse det inn, so eg tok sjangsen på å legge tinga bak i hjørnet bak skåpet. På den måten ville ikkje tinga syne for folk som kom inn, og sidan vi berre skulle vere vekke ei bittelita stund kom det til å gå bra. Eg veit om folk som har gjort dette før og det har gått heilt fint!
Men den bittelille stunda vart til ei lita stund, og når vi kom attende var sekken vekk! Skulesekken min med skulebøker, notatbøker, datamaskin, kamera, ipod, alt var vekk som ei sviske! Først fekk eg panikkanfall, sprang rundt for å sjekke om nokon kunne ha låst det inn. Så vart eg deprimert, og etter det har eg berre vore sint. Korleis kunne eg finne på noko sånt? Korleis kunne nokon ta tinga mine? Sandane er ein liten plass, eg hadde aldri trudd at noko slikt ville skje! Fredags morning var eg på politiet og anmeldte det. Håpar berre at eg får tinga mine att.... seinare på fredagen var eg i bursdag til mi 80år unge farmor og åt alt for mykje kake saman med familien, deretter var det samling med gjengen oppe hos Nina. Laurdagen var familien på Gloppen Hotell og åt middag, noko som var utruleg godt! Og på kvelden åt vi kake igjen. OG på søndagen hadde mi mormor 79årsdag, so då vart det fastelavensbollar og endå meir kake. So no vege eg 678900 kilo, hurra -.-
So her sitte eg ei veke seinare, og skal reise til Barcelona i morgon tidleg, uten kamera og ipod...

ÅHERREGUD, EG SKAL TIL BARCELONA I MORGON!!!!!! På studietur, noko som kjem til å bli awesome! Skal snakke mykje spansk og endå meir engelsk. Eg skal ivertfall lære mykje spansk og om andre kulturar. Og so har den supergreie mamman min kjøpt film til eit kamera som vi brukte i barndomen min, før digitalkameraet si tid! So eg håpar å få nokon blinkskot til fotoalbumet ^^

Men no må eg nesten gå å pakke ferdig kofferten
Snakkast om 1 veke !

mandag 7. mars 2011

Dybdahl/Ottesen/Ida Maria/Zetlitz - The Sun Always Shine On T.V. [Live]



Eg er ikkje stor AHA-fan, men når so mange fantastiske artistar samlast for å framføre ei fin låt må det berre bli bra!
I det siste har det skjedd so mykje grusomt og litt fint, innlegg kjem om ikkje alt for lenge
Stikkord: tjuveri
Fortsettelse følgjer.......

fredag 25. februar 2011

I dag

I dag reiser eg heilt aleine til Alværa Misjonssenter (Lol, kor i alværa e det? xD )
Eg skal på trivselsagentsamling (My name is Ingvaldsen, frøken Ingvaldsen)
Eigentleg skulle vi vere tre kjekke ungdomar som skulle reise,
men eg er den einaste som ikkje har feiga ut
Fordi eg er ein ungdom med klokt hovud, varmt hjarte,
flinke hender og god helse !
Når eg kjem heimatt er Nina komt heimatt òg
No er snart vinterferien min slutt
I ferien har eg strikke to huer (eventuelt luer)
Eg gledar meg

Snakkast




tirsdag 8. februar 2011

Pengar mottas med takk

Tenk å ha ei slik fantastisk bukse

Med eit slikt fantastisk ugleskjerf rundt halsen

Gje meg styrkje

......

Bukse frå Monki

Skjerf frå Becksøndergaard

søndag 6. februar 2011

Kaizers Orchestra - Hjerteknuser (Official HD 1080p w/ English subs)




Du og meg er like som et par dråper vann
I hvert fall hvis du tør og spør han
Eg pleier å sette på ei plate som du for meg sang
Heilt til eg sovne i ditt fang

Før såg eg ingenting og det eg såg forsvant
Men nå ser eg alt det som du ser
På min finger har eg ringen din og på ringen står det blankt
At du er min hjerteknuser

Lure på om du finst der ute nå
Sende eg mine tanker kjenne du de nå?
Send meg eit hint så skal du få

Sjøl om han forteller lite og minnene e få
Fins ting han aldri kan ta meg i frå
Som då me sprang øve plantasjen eg gjemte meg i strå
Du telte til hundre eg vett at du såg

Lure på om du finnes der ute nå
Sende eg mine tanker kjenner du de nå?
Send meg eit hint så skal du få
Eg vanner mine planter og pleie det eg sår
Sekundene tikker, minuttene går
Og det går dager og det går år
Og den som lever får sjå

Kanskje du ikkje fins lenger kanskje det e håp
Kanskje du ikkje tenker på meg heller
Men eg venter på den dagen at me e ute og går
Du bøyer deg ner og eg står på tå

Lure på om du finnes der ute nå
Send eg mine tanker kjenner du de då
Send meg eit hint så skal du få
Eg vanner mine planter og pleie det eg sår
Sekundene tikker, minuttene går
Og det går dager og det går år
Og den som lever får sjå

søndag 30. januar 2011

Eg kjem tilbake

Før du aner ordet av det vet du hva skuffen nederst på stekeovnen er til.

Gradvis, og uten at du merker det spiller du ikke platene dine selv når du er alene.

-og festene du holder er av typen som ikke etterlater merker på stuebordet.

Plutselig er kopper og tallerkener tolv og tolv og alle du kjenner to og to.

Du kan navn på fotballspillere, import-øl og biler som kjører fort for du er flink til å lytte

Til alle andre enn deg selv.

Og du vet at tiden går for du har ett sett gardiner for hver sesong på året.

Men du husker ikke sist du gikk barbent i gresset med sommeren mellom tærne.

Og du glemmer å drømme når du ikke sover.

Jeg har vært der.

Jeg har danset., danset til rytmen av et annet hjerte.

-funnet noen og mistet meg selv.

Men ikke igjen, ikke på lenge.

For det kommer til et punkt da en av oss må dra eller bli og forsvinne.

Men jeg

Vil ikke temmes. Vil ikke temme. Vil ikke glemme.


-Nemi
fine nemi. det har ingenting med livet mitt å gjere,
men eg syns det var fint
ville berre poste dette, har eit større innlegg på gong,
men ikkje no
kanskje snart
kanskje

tirsdag 25. januar 2011

tirsdag 18. januar 2011

Eg er SINT !

Eg er sint! Og skuffa! Ei av mediaklassene på skulen skulle vere med å rigge til Melodi Grand Prix-sending i Florø til helga. Elevane har planlagt det ein månad. Kva skjer? MGP tar kontakt og seier at jentene ikkje kan vere med. Dei er visst ikkje sterke nok. DET ER DET VERSTE EG HAR HØYRT! Dei ville heller ha med dei 2 gutane i klassa enn 20 jenter og gutar (talet er ikkje nøyaktig, men ein tar poenget viss ein er smart)

Eg er SINT !

Link:
http://www.tv2underholdning.no/gkn/rybak-forbannet-paa-mgp-3390865.html

(Kvifor prkåtejentefut Rybak har blanda seg, må gudane vete. Men han stiller opp for ei god sak !)

mandag 17. januar 2011

MrDeal


Vinn premier hos MrDeal!

Eg oppdagde noko nytt i dag. MrDeal. Der stod "Blogg og vinn - iPhonen er din!", og då tenkte eg at det ikkje skada å prøve :] Telefonen eg har no er ein Sony Ericsson, rosa walkmantelefon med lite futt i ><' EG VIL HA NY TELEFON!!! :'(

Vil ha....

Har....





http://no.mrdeal.com/prize/blog/litoqw

(slapp av, eg kjem ikkje til å gjere dette så alt for ofte, men ei venninne av meg vann iPhone på denne sida for ikkje så lenge sidan, og då ville eg og prøve....)

tirsdag 4. januar 2011

Isn't it wonderful how a beautiful hat can change one's looks...one feels free, dangerous

Då var jula ferdig for denne gong. Eg har fått mange fine gåver, beklager at det ikkje har havna bilde her, men dei kjem litt om gongen sånn utover. Nyttårsforsettet mitt i år er å slutte å ete godteri (ivertfall fram til Barcelona-turen med spanskklassa i mars)!


Men kort oppsummert so har eg brukt ferien til dette:

Helt i meg mykje te som eg fekk til jul i lag med eit skjerf laga av den nydlegaste Ingrid Marie-en i heile verda! <3





Laga pepperkaker




Holdt stjerneskot i henda






Ete kake og drukke te
(dette gjor eg på i går, kaka er av sorten Lady Golden og smakar litt appelsin. Den er god. Og det er den teen og!)





Og ja frøken R.H.B, eg fekk eit lite Mummitroll av deg til jul !







Nei, no får eg ta å lese meir biologi til heildagstentamen i mårra





-frk Ingvaldsen