lørdag 31. juli 2010

Bade? Eh...

I går var eg på badetur. Pøh! I går skulle eg på badetur. Jaha?! I går såg eg på folk som bada. Betre. Eg var fotograf. Woho!
Følar at dette biletet oppsummerar turen veldig bra.


No ser eg Ringenes Herre. På tv3. På grunn av alle pausane klarte eg å skrive eit innlegg i kveld også. Hurra... Ka? Ingenting.... Neivell? Mhm... SO HOLD KJEFT DÅ!!

Og då var filmen ferdig....


JO! Eg har fått brev! Åh? MHM!!!! Frå kven? Frå nokon av dei søtaste som finst<3>


Men no lure eg på om eg må gå å pakke støylssekken. Kva du skal? På støylen? På den årlege Olsokfeiringa med rømegraut og dugnad. Og bål. Det blir koz.
Og dermed seier eg og mi indre stemme godnatt. Godnatt, søve gøtt og draum søtt.

tirsdag 27. juli 2010

Malamalamalakooooooooooff

Jaudå. Eg overlevde. Ja, eg har no overlevd det meste, men no har eg overlevd noko nytt. Eg var på min første festival. Noko eg vil gjere att. Altso reisa på festival. Sjølv om eg må reise til Nordfjordeid for å oppleve det. Men eg skal reise tilbake der neste år. Definitivt. For det var ikkje berre kjekt, nei, det var rett og slett fantastisk. So det....du lurer kanskje på kven som spelte på festivalen? Jo, det var Skambankt, Enslaved, Sivert Høyem, John Olav Nilsen & Gjengen, Timbuktu & Damn!, Thomas Dybdahl, Johnossi, Djerv, Egil Olsen, Tellusalie, The Cumshots, Navigators, The Pink Robots, Lucy Swann, Jack Dalton, Jaga Jazzist, Purified in Blood, Howl, Bob Hund, The Blacksheeps, Susanne Sundfør og Svelekameratane. Shining fekk ikkje spele pga ein skada trommis. Det var i grunn litt trist, for eg var litt nyskjerrig på korleis dei høyrdast ut. Men, men, eg får heller finne dei på Youtube.....Dei som er utheva såg eg live, resten høyrde eg frå teltet eg budde i. Eg budde nemlig i telt med Ingrid Marie, Nina og ei ny ei.


Ho heiter Vilde. Ho er kul! Så då veit dykk det.
No tenker du sikkert, "Herregud så mykje tekst! Kvar er BILETA av ARTISTANE og FESTIVALEN??" , og eg kan vell ikkje skuffe deg, såååå.......tadaaaa:


Johnossi, svenskt


Enslaved




The Cumshots (både oppe og nede)





Vi stod å venta i 1 time framfor scena der Skambankt skulle spele. Etterpå kjøpte vi t-skjorter.

Nomenometromme

fredag 23. juli 2010

Borte bra, men heime best - del 5

So kom heimreisa.....kjedeleg.....
Men eg vil slengje på eit bilete slik at innlegget ikkje blir so kjedeleg x]







Og då var sagaen om Osloturen avslutta.....Hurra, kan skrive heilt meiningslause innlegg igjen :D
(ikkje at desse innlegga ikkje var det, men eg vart so lei....)
Og når eg står opp i dag skal eg på MALAKOFF saman med nokre av dei kjæraste eg har i livet <3

onsdag 21. juli 2010

Borte bra, men heime best - del 4

So var det dag 4 i Oslo...seriously, no er eg kjempelei å skrive om turen oO But here we go....

Dagen min var fyllt av detta:




og detta:




og detta:




og detta:





Etter vi var i Vigelandsparken, ja, du gjetta riktig, gjekk vi nedatt til Karl Johan. Vi fann eit stort loppemarked på Frogner. Der såg vi Trond Harr, tidlegare dommar på "Skal vi danse?" xD For meir info: http://no.wikipedia.org/wiki/Trond_Harr

Etter å ha prøvd trikk tidlegare på dagen, noko som ikkje gjekk so bra for min del, fann vi ut at vi ville ta t-bana og besøke tanta til mamma som bur litt utanfor tettstaden. So no har eg bestemt meg for at når eg skal flytte til ein by, SKAL den ha t-bane!!
Då vi kom fram, gjekk vi på ein Meny-butikk og kjøpte ein isboks<3 Der fann eg også desse:














........og no gidde eg ikkje å skrive meir om denne dagen.......

tirsdag 13. juli 2010

Borte bra, men heime best - del 3

So var det tredje dagen av ferieturen. Etter frukast hadde vi avtala med min tante, onkel og syskenbarn frå Dale å møtast på Aker Bryggje for å ete soft ice :D Dei var på besøk med broren til onkelen min før dei skulle på Danacup i Danmark. Syskenbarnet til mamma og tanta mi (tanta mi og mamma er systre) skulle også vere med oss <3
Vi sat ute på pubreturanten Herbern Marina i rundt 1 1/2 time, noko som resulterte at armane mine var solbrente der kjolen slutta xD Syskenbarnet mitt var litt meir uheldig, han fekk måsedrit på ryggen. Pass dykk for bymåsene, dei er noke jævlar til å treffe folk!


Nomnomnom Cola med isbetar og sitronbåtar nomnomnomnom <3>










Etterpå gjekk vi på shopping. Eg kjøpte ein shorts som eg gledar meg til å bruke i sommar. Vi såg også ein kul mann på Karl Johan. Han såg slik ut:









Litt seinare når vi gjekk bortatt til Aker Bryggje, såg vi ein anna kul mann som såg slik ut:










og til slutt eit lite bilete av antrekket eg gjekk med denne varme dagen i hovudstaden








Resten kjem seinare......



Borte bra, men heime best - del 2

Dagen starta med frukast (booombe xD ) i den vesle hybelen vi budde i med nysteikte bollar frå Kiwi. Så gjekk vi ut på oppdagelsesferd :D Vi gjekk opp og ned og opp og ned Karl Johan, og eg kan trykt innrømme at vi var nesten inne i alle butikkane der og i butikkane i sidegatene xD So no liggje alle pengane mine att i Oslo, SEND MEG PENGAR!!!!!! Helst ikkje til hovudstaden, men heim til meg :]

Sjølv om butikkane var kjempefine var dagens hovudpunkt detta:



Du kjenner kanskje den att? Japp, det er OPEEEEEEEEERAAAAHUSET! <3>







Og vi gjekk inn også! Der var det kjempefine veggar <3


























og til slutt eit lite skrytebilete av meg sjølv inne i operaen:









Resten kjem seinare......

mandag 12. juli 2010

Borte bra, men heime best - del 1

Som du kanskje skjønar, so er eg koma heim. Og sidan eg ikkje har skreve noko innlegg som kan forklare kvar eg har vore so skal eg seia kvar eg har vore. Eg har (for fyrste gong) vore i Oslo! Ja, det er faktisk fyrste gongen eg har vore i Oslo, eg har vore mange gongar på Lillehammer i løpet av oppveksten på ferie, same med Bergen, eg har vore tre gongar i England, eg har vore i Sverige, MEN aldri vore i Oslo. Før onsdag. Tysdagskveld pakka eg kofferten, onsdag reiste vi. I ti-tida om morningen. Vi hadde mange stopp undervegs, so vi var ikkje i Oslo før om kvelden ein gong. Etter litt styr fekk vi tak i nøklane til den vesle leiligheita vi hadde leigd, sjølv om eg framleis tykkjer den minna meir om ein liten hybel....
Vi var fyrst litt badass og stoppa ein plass der vi ikkje hadde lov til. Men pappan min er kul og har GPS på iPhonen sin, og vi måtte finne ut av kvar vi var og om det var langt til gata vi skulle bu i....
So var det å få alle koffertar i hus og ut å oppdage byen. Det viste seg at vi ikkje budde langt frå Slottet, so vi gjekk der fyrst :D Der tok vi bilete med ein gardist. Stakkars fyr....






Deretter gjekk vi nedover Karl Johan. Eg såg Freia-skiltet og då vart eg glad. Etter ikkje alt for lenge kom Stortinget framfor oss. Eg må berre sei at eg var litt skuffa.....eg hadde sett for meg ein stor bygning oppe på ein fin bakketopp, men nei, det var berre ein litt spesi bygning midt inne i byen. Superawsome ><' Vi gjekk vidare, då vi merka at vi var svoltne. Vi fann oss ein søppelmatkiosk, kjøpte noke etandes, og gjekk vidare. Vi såg operaen, men vi gjekk ikkje bort. Vi gjekk mot Aker Bryggje i staden. Der sat vi ei stund, åt is (trur eg, vi åt is so ofte at eg klarar ikkje å skilje mellom kortid vi åt og ikkje åt....). Til slutt vart vi leie, og bestemte oss for å gå oppatt til "heimen" vår, som vi oppdagde at den låg ca 10 traskeminutt frå bryggja <3

Pusekatt <3










Resten kjem seinare.....