tirsdag 27. april 2010

Eit innlegg utan tittel.....

I dag har eg hatt munnleg spanskprøve (fekk 4-)
I dag har eg hatt ein meget inteligent samtale i mattetimen (innebærer blod)
I dag kjøpte eg vaffle og is i gamlekantina (som var meget gødt)
I dag tok eg buss heimatt etter skulen (uvant å gjere på ein tysdag)
I dag åt eg middag og såg på "Thats 70 show (endeleg!)
I dag var eg heime aleine ei stund (kjekt å ha Voice på tv)
I dag har eg nesten lese ei heil bok (Krakens Gap av Sigbjørn Mostue)
I dag har eg lyst å leggja meg før klokka tolv (som om DET kjem til å skje)
I dag ville eg dele dette biletet med dykk (ekkje vi sexy?)



......og ellers so var det ein fin dag :]

mandag 26. april 2010

Tørst?



Detteereitbileteav24Burnog30Pureettellerannagodtenergidrikk :D Tørst? ;]

mandag 19. april 2010

Vått og kaldt og russar overalt

Som du kanskje skjønar av overskrifta, er russetida komen for fullt. Utanfor vårt vakre gamlebygg her på Firda samlar russen seg som fluger på overmodna mat. Dei er ute etter første og andreklassingar. "Hurra".
Her sitter vi, første studiespesialiserande, våte og kalde. Skulen er ikkje ferdig på ei stund, nokre av oss må ta lange bussturar for å kome seg heimatt, andre må risikere livet for å kome seg tilbake til hybel. Og dette veit russen. Og dei NYTER det.
Nokre av oss er meir utsette enn andre. Nokre har plaga russen, nokre har eldre søsken som er russ, nokre er venn med russen, og nokre har berre dårleg karisma. Eg har mistanke om at eg havnar under "søsken-kategorien". "Hurra".
Skal prøve å få nokre bileter av stakkarslege folk som har blitt ramma, men veit ikkje om eg vil risikere vannskade på kameraet.....
No er det straks geografi :]

Vårstemningstips nummer tre:
Ta med gode venninner på tur og høyr på den vakre fuglesongen. Ta gjerne med noko gødt å ete as well <3

Bloggast <3

lørdag 17. april 2010

SNØ! WHY???!

Jaudå, det er sant.....det er snø i lufta og kaldt...litt kaldt, kaldt nok til å gå i bobblejakke utan å sjå heilt dust ut ._.'
I går var ein bra dag på ein måte n.n Hadde matte som gjekk veldig fort, engelsken var sånn bobbob (gruppearbeid), og so kom dagens høgdepunkt! Verveaksjonen til Firda Målungdom!!!! Ragnhild, Ingrid Marie och jag gjekk rundt og snakka so fint om kor fantastisk Målungdomen var, men alt følk brydde seg om var korleis dei kunne få tak i vafflene som vi delte ut til dei som vart verva...ungdommen no til dags altso -.-
Etterkvart reiste Ingrid Marie og Sjur kom å holdt meg og Ragga med selskap. Takke vere han klarte R/I nesten å verve ein person :[ Men mesteparten gjekk eg og Sjur å snakka om 24 xD
På kvelden spelte skulekorpset på sanitetsbasar, det gjekk sånn passe bra...
So reiste eg på besøk til Synne Marte, der Nina og Niclas allerede var komne :D Vi åt snop og pizza, såg Lyngbø og Hærlands BigBang og spelte Gruble.
Då eg kom heim, såg eg resten av Torsdagkveld fra Nydalen der Are Kalvø (den utrulege fantastiske nynorskmannen) <3

Dagens vårtipsgreie er følgande: Kle deg i lyse fargar, pakk vekk vinterkleda (prøv ivertfall)og innbill deg at det er vår! Kjøp is og nyt dagane so godt du kan ;]

OSTEPOP, HERE I COME!

og GRATULERER MED DAGEN INGRID MARIE<3<3<3<3<3<3

tirsdag 13. april 2010

Vamp, Storspove og andre koslege ting

Jaudå.....då var atter ei veke i gang....
Matteprøva i dag gjekk rett vest, har vore trøtt som eit fly i heile dag og ellers går det sånn passe bra.
I går var alle geografiklassene på ekskursjon (?) til bremuseumet i Fjærland. Bussen skulle gå frå Sandane klokka halv ni, so då fann eg ut at eg skulle gå ned til der eg skulle bli plukka opp av bussen (krysset ned til Fjordhestgarden for dykk lokalkjende. Det vart nokon kilometer det ^^
I Fjærland såg vi på utstillingane, reiste på busstur til diverse brear, åt ein ny is (pæresaftis<3) og såg fjordårets OG årets japanske kandidatar til Miss Universe! (og ein feit mann med rosa gensar og caps xD )

No framover skal eg prøve å skrive tips til korleis ein kan nyte vårens vakre dagar på ein (best) mogleg måte n.n
Dagens: Ta med datan ut i ettermiddagssola, finne Vamp på Spøtify, sette på "Våken Drøm", setje seg tilbake og nyte tonane mens ein ser Storspoven leike seg i lufa mens den syng sin spesielle melodi <3

Norsk, here I come (Y)

fredag 9. april 2010

OG DÅ VAR PÅSKA OVER.......

......FOR SNART EI VEKE SIDAN X]
DENNE VEKA HAR GÅTT MED TIL LITT AV KVART<3 TYSDAG VAR DET FAKTISK DEILEG Å KOME TILBAKE TIL SKULEN OG MØTE FOLK ATT<3 ONSDAG SAT EG OG INGRID-MARIE RUNDT EIN TIME UTE I REGNVÊR, SNAKKA, ÅT GODTERI OG HØYRDE PÅ 3.MUSIKK-FØLK SOM ØVDE TIL EKSAMEN I HOVUDINSTRUMENT<3
TORSDAG HADDE VI HALVDAGSPRØVE I BØKMÅL, DIKTANALYSE....KUNNE SIKKERT HA GÅTT BETRE....
I DAG FEKK EG VETE AT EG ER MOTIVERT OG KONSENTRERT OG ARBEIDAR GODT I MATTETIMANE....VEIT IKKJE SIST EG HAR GJORT EI EINASTE OPPGÅVE I TIMEN X] 1P FTW <3
I ENGELSKEN BLEI VI DELT INN I GRUPPER DER VI SKAL ARBEIDE MED FORSKJELLIGE OPPGÅVER -.-
NO SITTER EG I KANTINA OG HAR ETE LUNSJ :D
SEINARE I DAG SKAL EG TIL NINA :D <3
I MÅRRA SKAL EG TIL STRYN PÅ BOWLING SAMAN MED 4H-KLUBBEN <3<3

GOD HELG <3<3

PS. I DAG ER DET CAPS-LOCK-DAY ^^