lørdag 18. desember 2010

Til Ragnhild

Til Ragnhild: vis desse bilda til broren din, og be han glede seg! Og sei at han må gå opp i tårnet i York Minister, og be han gå mykje rundt i katedralen, fordi den er nydeleg!
Og byen er ganske fantastisk den òg.




(Inni. Vart litt skeivt, beklager....)




(Uttapå)



(Naturen sånn elles)

onsdag 8. desember 2010

Kvifor?

Kvifor?
Kvifor han?
Kvifor i dag?
Kvifor måtte dette skje?

eg har ein bestefar mindre
enn i går...

tirsdag 7. desember 2010

Sløyfekjærleikskonkurranse!


Eg har meldt meg på ein utruleg vakker konkurranse, den finn du her :
http://martotopia.blogg.no/1291743863_vinn_slyfekjrleik.html


Eg har superduperlyst på, berre sjå sjølv på biletet kor nydlege dei er!
-frk. Ingvalsen

lørdag 27. november 2010

Jauda på gauda

Drit i overskrifta, fann ikkje noke betre....
Poenget med innlegget er: Haustfesten som var på Firda i går! Sjølvsagt hadde eg med meg kamera, men kom eg på å bruke det? .......nei... MEN thank you god for webcam! So her får dokke sjå ka eg gjekk med, berre følg teksten nedover.

Før haustfesten so klipte eg meg! Det va rett og slett herleg å klippe seg att, er ei stund sidan sist.
Før såg håret mitt sånn ut:




No ser det sånn ut:




Her er kjolen eg gjekk med:



Og her er strømpebuksa:






Og det nye store er at alle i bloggverdenen kjem til å sitte på baderomsgølvet å ta bilder av seg sjølv iført bestemorstrikka tjukkegensar! Berre vent, snart blir jeg majestet! sa Simba, og flykta frå gnuane...




Snakkast!
-frk Ingvaldsen

tirsdag 23. november 2010

Digame!

Akkurat no sitter eg ved kjøkenbordet heime. Rundt meg sitter min veslebror på 13 og veslesysta på 11. Veslesysta og klassa henna er med på eit prosjekt der dei lærer tysk på barneskulen. Vesleboren har spansk på ungdomskulen. So her går samtalene i både tysk, spansk, engelsk og norsk...
Veslebroren min draumer om Ukulele-gitar hero. Han er temmeleg rar.
Veslesysta mi skal snart på handballtrening. Ho er nesten rarare. Ikkje fordi ho skal på handball, ho er berre sånn....

I dag hadde vi heildagsprøve i sidemål. Det gjekk passe greitt.

Og so var det dei to tannpirkarane som var ute og gjekk seg ein tur. Mens dei gjekk, møtte dei plutseleg eit piggsvin. Då sa den eine til den andre: Hm, visste ikkje at det gjekk buss her....

Ute er det minus 9 grader celsius.

Takk for meg
-frk. Ingvaldsen.

lørdag 13. november 2010

stol på rosa, si farvell til flekkene!

hahahahahaha
har forandra bittelitt her...ser du kva det er?
ka du trur? *trønderdialektforsøk*
gidde ikkje bruke store bokstavar, er trøytt og skal tidleg opp i mårra
skal spele og arrangere nordvestmeisterskap for amatørkorps.
meir info om det seinare
wish me good luck
xoxo frk. ingvaldsen

tirsdag 9. november 2010

Bastard - Kaizers Orchestra

Eg har sagt det før, nå må eg sei det igjen
Eg har ni, eg har ni liv, og bare et igjen
så når du spør meg om alt eg har gjort
vett du at eg angrer så fort du har spurt

Men det begynte i det Herrens år 1835
at eg blei født av en doktor gjennom hans eksperiment
Eg er en blanding av litt av kvert
Men det er vel ingen tvil om at eg må vær halvt katt

For når eg helser på folk eg treffer på min vei
Kan de sjå på meg stygt
De kan peike og sei: "bastard"
De kan sjå på meg stygt og sei: "bastard"

Men fram til eg var 13 levde eg kun på et liv
Det var langt, men ikkje så langt, eg kan leva på ni
Og kor enn eg går blir det sagt at eg har uflaks
på grunn av at eg er svart

Eg brant kastanjer på gatå, men eg fekk ingen kunder
"Kom og kjøp! kom og kjøp!" Nei, eg trengte et under
Eg blei tatt hånd om av en viss Mr. Kaizer
Han er den stolte eier av verdens tyngste siameser

I liv nummer seks tok eg sjølvmord
i nummer sju lige så
Og i liv nummer åtta lev eg nå
Og tatt i betraktning at eg er 61
Må eg ha vært et ganske godt eksperiment

Men, nei, nå ser eg fram te den dagen det tar slutt
Det er'kje så bra med ni liv som du kanskje sko ha trudd
Og alt eg ber om er en kiste eller to
For eg angra på det mesta eg har gjort

Henry er'kje prest og ingen av oss er klokker

(Den som spår i Mr. Kaizer sin kabal
eller håner sin konge i en katedral
Den skal sjøl hogga av nakken med sitt eget sverd
Og han vil i all ettertid bli kalt "bastard")

Sånn går det når ein sitter på bussen og høyrer på Kaizers Orchestra.....

søndag 7. november 2010

I feel fine

I det siste har mange ting skjedd. Eg har vore sjuk, so litt meir sjuk, so følt meg heilt forjævlig, so blitt litt betre, for so å bli verre att. Men no er eg frisk. Og i dag skal Breim Skulekorps ha basar. Janitsjaren skal spele også. Fuck my life. Neida. Berre litt.


Men det positive er at eg skal prøve å blogge litt meir. For å bruke ein Beatlestittel: I feel fine.





I feel fine because I have the most beautifull school in the world <3


tirsdag 19. oktober 2010

Nowhere Man - The Beatles




He's a real nowhere man,
Sitting in his Nowhere Land,
Making all his nowhere plans
for nobody

Doesn't have a point of view,
Knows not where he's going to,
Isn't he a bit like you and me?

Nowhere Man please listen,
You don't know what you're missing,
Nowhere Man, the world is at your command!

He's as blind as he can be,
Just sees what he wants to see,
Nowhere Man can you see me at all?

Nowhere Man, don't worry,
Take your time, don't hurry,
Leave it all till somebody else
lends you a hand!

Doesn't have a point of view,
Knows not where he's going to,
Isn't he a bit like you and me?

Nowhere Man please listen,
you don't know what you're missing
Nowhere Man, the world is at your command!

He's a real Nowhere Man,
Sitting in his Nowhere Land,
Making all his nowhere plans
for nobody.
Making all his nowhere plans
for nobody.
Making all his nowhere plans
for nobody!





(bilda er ikkje tatt av meg, og teksten er ikkje skreve av meg. men det er so fint! bilder og tekst er frå filmen "yellow submarine". eg anbefalar å sjå den, den er nydeleg, morosam og fantastisk!)

torsdag 14. oktober 2010

Lekseferie, ferielekser?

Tja....no sitte eg her på "lemmen" (for å bruke eit norsklæraruttrykk, eigentleg sitter eg på rommet mitt). Kossheadsettet er på plass, pulten er rydda og maskina er på. Det er klart for lekser! Ja, eg veit at det er ferie, men skulelivet forsetter på måndag. Og til torsdag må eg ha ferdig eit foredrag eller tale i norskfagsstil. Og vi skal ha eit foredrag i historie i tillegg. I histoooorie er temaet på plass. Eg skal skrive om Elisabeth den Fyrste av England, dotter av Henrik VIII og Anne Boleyn! Ho regjerte som dronning frå 1558 til 1603.


Men kva eg skal ha i norsk, det anar eg verkeleg ikkje!!! NOKON MÅ HJELPE MEG!!!!!! *dør*


x[


(biletet, eventuelt måleriet, er ikkje tatt/måla av meg......takk til Niclas for oppdaginga. Oppdrag utført!)


Akkurat kom det ein nydeleg melodi inn på headsettet! Og den er so fin at eg vil dele teksten med dokke få og trofaste (?) menneska som orka (og gidde) å stikke nasa innom.....
Songen heiter Sonny og er laga av Kaizers Orchestra.

Hjelp nå en blind mann med stokk og med hatt
Hold fast mi hånd. La oss gå ut i natt
For me gjekk under åpen himmel
Og me delte våre gamle minner
Å Sonny. Hey Sonny
Du har alltid vært min egen Sonny


Alt du har gjort for meg
Alt det du kan
Alt de har hørt om deg, alt det er sant
Du har gått så mange runder
Sammen har me gått mange hundre
Å Sonny. Hey Sonny
Du har alltid vært min egen Sonny


Den tid er forbi kor me gjorde alt i lag
Snart er det min tur. Mitt hjerte er svakt
Min far var alltid med din far
Og våres fedres fedre var alltid i lag
Å Sonny. Hey Sonny
Du har alltid vært min egen Sonny


Ingen kan vanna mine blomstrer frå nå
Mitt verk står for fall. Det er opp til andre å så
Ja for innen kvelden er omme
legger eg meg ner og sovner
Å Sonny. Hey Sonny.
Innen kvelden er omme, så sovner eg
Å Sonny. Hey Sonny.
Du har alltid vært min egen Sonny

onsdag 13. oktober 2010

SKO

Oppdagde nettopp at biletet av skoa mine ikkje var kome med i forrige innlegg, so då tar eg like gødt å laga eit eige innlegg med bileter av dei!







Papiret som var inni skoøskja <3>








Fritids.....?.....meg?.........allways....

mandag 11. oktober 2010

Super duper dancing shoes !

Jauda, her har dykk meg att. Eg har ferie, so då tenkte eg med meg sjølv at eg kanskje kunne blogge litt komande veke?
Siste nytt, Nina har vore heime! :D Og no er ho reist nedatt.....sånn går det når dei forskjellige fylka ikkje har ferie samtidig...eigentleg skulle eg vere med ho ned, men på grunn av ein dårleg økonomi so vart det ikkje noko tur. So i staden for ferietur, brukte eg 800 kroner på ei vinterkåpe! Logikk, kvar? Den er superduperfin, den er svart, har 3 trykknappar som er skult og 3 knappar som syner. Og det beste av alt er fasongen! Den er på ein måte ballongforma? Vetsj, men det kan hende det dukkar opp bilete av den, må berre ta først.




Der var tebød på alle strømpebukser frå Pierre Robert dinna veka !


Som sagt, Nina har vore heime! Den jævelen lurte meg, og kom 2 dagar før ho skulle! For plutseleg var ho i kjellaren min når eg kom heimatt frå besteforeldrebesøk. Eg gjekk gjennom heile følesesregisteret, før eg, ho og Niclas reiste opp til Nina, der Einar og Synne kom opp også.
Tysdagen var Nina med på Sandane, der ho fekk dykke inn i Firdaverdenen. Eg, ho og Ragnhild var på Mona Lisa og åt pizza, og det var kos <3 Fredag var ho også nede på Firda der ho fekk vere med i littegrann av spansktimen :D Etter skulen gjekk vi + Ragnhild ned i sentrum (og eg kjøpte kåpa!). På bussen høyrte vi Moonlanding av Sivert Høyem og eg fekk eit lite Malakoff-flashback. På kvelden var gjengen samla oppe med Nina for å ta farvell (untatt Einar, som ditcha oss etter ei kort stund). Vi spelte Scrabble og hadde det kjekt!!!

Laurdag skjedde det ingenting, men so kom søndag 10.10.10, og vi skulle på Strynemessa! Der skulle vi byte eit par Moods of Norway-sko for Bergenstanta mi som hadde kjøpt seg for store sko, og so oppdagde eg at (nesten) alle skoa kosta 200 kroner! Etterpå var eg og mamma på Cubus. Der fann eg ein lepsylsak som eg har hatt lyst på kjempelenge, og so fann eg meg ein awesome hatt!












Min nye awesome strawberry lip balm !

Følg med vidare! Neste gong skal eg svare på ei utfordring eg fekk frå Ragnhild for ca tusen år sidan......

Søve gødt alle saman

søndag 19. september 2010

4 veker sidan sist, kva er problemet?

Ja, no er det 4 veker sidan eg har oppdatert bloggen, veit du kvifor?
1: Eg går på skule.....der har vi lekser....lekser tar tid......tar du poenget mitt?
2: Eg har rundt 4 lesarar.....ikkje det at eg ikkje likar dokke, men det verka litt meiningslaust når eg snakkar so ofte med dykk.....

So eg tar ei pause, veit ikkje kor lenge den vil vare, men det kan ta ei stund eller berre nokre dagar, eg veit ikkje.
Shalabais.....

tirsdag 17. august 2010

Random facts eller noko sånnt

Jaudå. Slapp av. Eg har ikkje gløymd at eg har ein blogg. Det er berre det at eg ikkje har hatt tid, krefter eller vilje til å sette meg ned å skrive eit innlegg. Det er berre slik det er. Sorry. Eg er ikkje noko supermenneske heller. Trur eg.





Anysupermenneske, for nokon veker så sat eg nede med besteforeldra mine og bladde i ei bok. Ei skikkelig smartingbok. Der fann eg dette randombilde.








So det...





Jo forreste. Eg kom inn. Ja. Du såg/leste riktig. Eg kom INN på ALLMEN på FIRDA!!!





So det....





Blæ....





Nina flytta.... miss u babe<3






So det....Nei! No gidde eg ikkje meir! Eg pakkar skulesekken og såpeboblene, eg skal jo tross alt på skulen i morgon!

lørdag 7. august 2010

Når dagen

Når dagen


Når dagen til skyming skifter,

eg høyrer ein lystig song.

Eg les mine eigne skrifter

og veit eg har levd eingong.




Når dagen til skyming skifter,

eg høyrer ein vedmodssong.

Eg les mine eigne skrifter

og veit eg skal døy ein gong.







Tekst: Jakob Sande

Frå samlinga "Det kveldar på Kobbeskjer"

1961

tirsdag 3. august 2010

Nokon gongar er det ikkje heilt ålright

Eg har ein melodi som surrar i hovudet mitt. "Noen ganger er det ålright."
syng han. Odden, er det ikkje det han heiter?
Vell, nokon gongar er ikkje alt heilt ålright...
Som når dei er utsolgt for ein kjole du vil ha,
eller at dei har den men er utsolgt i alle størrelsar
unntatt dei minste størrelsane
Som når ein tenkjer "I dag vil eg ha noko godt!"
og so oppdagar ein at ein ikkje har noko godt,
eller at ein ikkje har pengar til å kjøpe noko
Som når alle vennane snakkar om alt det fine dei skal neste skuleår,
og du sitter der med postkassa i skjegget fordi du søkte berre på ein skule
og ikkje kom inn
Som når ein oppdagar at ved andre, og siste inntak,
at ein ligger på andreplass på ventelista
Nokon gongar er ikkje alt heilt ålright....

lørdag 31. juli 2010

Bade? Eh...

I går var eg på badetur. Pøh! I går skulle eg på badetur. Jaha?! I går såg eg på folk som bada. Betre. Eg var fotograf. Woho!
Følar at dette biletet oppsummerar turen veldig bra.


No ser eg Ringenes Herre. På tv3. På grunn av alle pausane klarte eg å skrive eit innlegg i kveld også. Hurra... Ka? Ingenting.... Neivell? Mhm... SO HOLD KJEFT DÅ!!

Og då var filmen ferdig....


JO! Eg har fått brev! Åh? MHM!!!! Frå kven? Frå nokon av dei søtaste som finst<3>


Men no lure eg på om eg må gå å pakke støylssekken. Kva du skal? På støylen? På den årlege Olsokfeiringa med rømegraut og dugnad. Og bål. Det blir koz.
Og dermed seier eg og mi indre stemme godnatt. Godnatt, søve gøtt og draum søtt.

tirsdag 27. juli 2010

Malamalamalakooooooooooff

Jaudå. Eg overlevde. Ja, eg har no overlevd det meste, men no har eg overlevd noko nytt. Eg var på min første festival. Noko eg vil gjere att. Altso reisa på festival. Sjølv om eg må reise til Nordfjordeid for å oppleve det. Men eg skal reise tilbake der neste år. Definitivt. For det var ikkje berre kjekt, nei, det var rett og slett fantastisk. So det....du lurer kanskje på kven som spelte på festivalen? Jo, det var Skambankt, Enslaved, Sivert Høyem, John Olav Nilsen & Gjengen, Timbuktu & Damn!, Thomas Dybdahl, Johnossi, Djerv, Egil Olsen, Tellusalie, The Cumshots, Navigators, The Pink Robots, Lucy Swann, Jack Dalton, Jaga Jazzist, Purified in Blood, Howl, Bob Hund, The Blacksheeps, Susanne Sundfør og Svelekameratane. Shining fekk ikkje spele pga ein skada trommis. Det var i grunn litt trist, for eg var litt nyskjerrig på korleis dei høyrdast ut. Men, men, eg får heller finne dei på Youtube.....Dei som er utheva såg eg live, resten høyrde eg frå teltet eg budde i. Eg budde nemlig i telt med Ingrid Marie, Nina og ei ny ei.


Ho heiter Vilde. Ho er kul! Så då veit dykk det.
No tenker du sikkert, "Herregud så mykje tekst! Kvar er BILETA av ARTISTANE og FESTIVALEN??" , og eg kan vell ikkje skuffe deg, såååå.......tadaaaa:


Johnossi, svenskt


Enslaved




The Cumshots (både oppe og nede)





Vi stod å venta i 1 time framfor scena der Skambankt skulle spele. Etterpå kjøpte vi t-skjorter.

Nomenometromme

fredag 23. juli 2010

Borte bra, men heime best - del 5

So kom heimreisa.....kjedeleg.....
Men eg vil slengje på eit bilete slik at innlegget ikkje blir so kjedeleg x]







Og då var sagaen om Osloturen avslutta.....Hurra, kan skrive heilt meiningslause innlegg igjen :D
(ikkje at desse innlegga ikkje var det, men eg vart so lei....)
Og når eg står opp i dag skal eg på MALAKOFF saman med nokre av dei kjæraste eg har i livet <3

onsdag 21. juli 2010

Borte bra, men heime best - del 4

So var det dag 4 i Oslo...seriously, no er eg kjempelei å skrive om turen oO But here we go....

Dagen min var fyllt av detta:




og detta:




og detta:




og detta:





Etter vi var i Vigelandsparken, ja, du gjetta riktig, gjekk vi nedatt til Karl Johan. Vi fann eit stort loppemarked på Frogner. Der såg vi Trond Harr, tidlegare dommar på "Skal vi danse?" xD For meir info: http://no.wikipedia.org/wiki/Trond_Harr

Etter å ha prøvd trikk tidlegare på dagen, noko som ikkje gjekk so bra for min del, fann vi ut at vi ville ta t-bana og besøke tanta til mamma som bur litt utanfor tettstaden. So no har eg bestemt meg for at når eg skal flytte til ein by, SKAL den ha t-bane!!
Då vi kom fram, gjekk vi på ein Meny-butikk og kjøpte ein isboks<3 Der fann eg også desse:














........og no gidde eg ikkje å skrive meir om denne dagen.......

tirsdag 13. juli 2010

Borte bra, men heime best - del 3

So var det tredje dagen av ferieturen. Etter frukast hadde vi avtala med min tante, onkel og syskenbarn frå Dale å møtast på Aker Bryggje for å ete soft ice :D Dei var på besøk med broren til onkelen min før dei skulle på Danacup i Danmark. Syskenbarnet til mamma og tanta mi (tanta mi og mamma er systre) skulle også vere med oss <3
Vi sat ute på pubreturanten Herbern Marina i rundt 1 1/2 time, noko som resulterte at armane mine var solbrente der kjolen slutta xD Syskenbarnet mitt var litt meir uheldig, han fekk måsedrit på ryggen. Pass dykk for bymåsene, dei er noke jævlar til å treffe folk!


Nomnomnom Cola med isbetar og sitronbåtar nomnomnomnom <3>










Etterpå gjekk vi på shopping. Eg kjøpte ein shorts som eg gledar meg til å bruke i sommar. Vi såg også ein kul mann på Karl Johan. Han såg slik ut:









Litt seinare når vi gjekk bortatt til Aker Bryggje, såg vi ein anna kul mann som såg slik ut:










og til slutt eit lite bilete av antrekket eg gjekk med denne varme dagen i hovudstaden








Resten kjem seinare......



Borte bra, men heime best - del 2

Dagen starta med frukast (booombe xD ) i den vesle hybelen vi budde i med nysteikte bollar frå Kiwi. Så gjekk vi ut på oppdagelsesferd :D Vi gjekk opp og ned og opp og ned Karl Johan, og eg kan trykt innrømme at vi var nesten inne i alle butikkane der og i butikkane i sidegatene xD So no liggje alle pengane mine att i Oslo, SEND MEG PENGAR!!!!!! Helst ikkje til hovudstaden, men heim til meg :]

Sjølv om butikkane var kjempefine var dagens hovudpunkt detta:



Du kjenner kanskje den att? Japp, det er OPEEEEEEEEERAAAAHUSET! <3>







Og vi gjekk inn også! Der var det kjempefine veggar <3


























og til slutt eit lite skrytebilete av meg sjølv inne i operaen:









Resten kjem seinare......