onsdag 10. mars 2010

Arne Garborg og Firda Målungdom ftw

Halloen folkes, gjett kven som er tilbake? ^^
I det siste har det skjedd litt forskjellig, blandt anna at eg har blitt medlem i Firda Målungdom. Så frå den dagen, har eg tenkt å skrive mest mogleg nynorsk :D <3
Den dagen då vi fekk besøk av ein tidlegare musikklinje-elev, gjekk det opp eit lys for meg: eg vil gjere noko for å hjelpe nynorsken i dagens samfunn! Nynorsken er alt for mykje undertrykkt! Alle dei store avisene i dagens samfunn skriver bokmål. Journalistar som nettopp er utdanna har ikkje noko anna valg enn å skrive bokmål, uavhengig av kor dei kjem frå i landet og uavhengig kva dialekt dei snakkar. Denne musikkeleven studerar i Oslo, og der har han problem når han studerar berre på grunn av ei bok han hadde på vidaregåande var på BOKMÅL! Eg er blandt det mindretalet (desverre) i landet som snakkar nynorsk.......

Så over til noko anna :D Vi har starta med lyrikk i norsken! :D Så då tenkte eg at eg ville dele eit dikt med dokke få lesarane eg har ^^ ( vart litt inspirert av Raggasopp (a) )
Dette diktet er skreve av Arne Garborg og er "mitt" dikt som eg skal framføre i norsken om ei stund.....

Til deg, du hei og bleike myr
med bukkeblad,
der hegre stig og heilo flyr,
eg gjer mitt kvad.

Til deg, du visne lyng om haug,
der dramar sviv,
eg gjev min song om dimd og draug
og dulde liv.
*
Eg kjenner deg, du trollheim grå,
du skugge natt!
Eg rømde redd; men stundom må
eg sjå deg att.

Eg kjenner deg, du havsens marm
med galdre-song;
du gauv meg gru i redde barm
så mang ein gong.

Eg kjenner striden tung og sein
mot trolldoms vald.
Gud hjelpe oss for brotne bein
og mannefall!
*
Men lerka stig frå gløymde grav
med sigers ljod;
og viden stryker inn av hav
så frisk og god.

Og om me kjenner gråt og gru
og saknad sår,
så må me lerkesongen tru,
som lovar vår.

Og med dette seier eg takk for i dag ^^ Stikker på open skule
Vell.....
Snx later :]