mandag 11. oktober 2010

Super duper dancing shoes !

Jauda, her har dykk meg att. Eg har ferie, so då tenkte eg med meg sjølv at eg kanskje kunne blogge litt komande veke?
Siste nytt, Nina har vore heime! :D Og no er ho reist nedatt.....sånn går det når dei forskjellige fylka ikkje har ferie samtidig...eigentleg skulle eg vere med ho ned, men på grunn av ein dårleg økonomi so vart det ikkje noko tur. So i staden for ferietur, brukte eg 800 kroner på ei vinterkåpe! Logikk, kvar? Den er superduperfin, den er svart, har 3 trykknappar som er skult og 3 knappar som syner. Og det beste av alt er fasongen! Den er på ein måte ballongforma? Vetsj, men det kan hende det dukkar opp bilete av den, må berre ta først.




Der var tebød på alle strømpebukser frå Pierre Robert dinna veka !


Som sagt, Nina har vore heime! Den jævelen lurte meg, og kom 2 dagar før ho skulle! For plutseleg var ho i kjellaren min når eg kom heimatt frå besteforeldrebesøk. Eg gjekk gjennom heile følesesregisteret, før eg, ho og Niclas reiste opp til Nina, der Einar og Synne kom opp også.
Tysdagen var Nina med på Sandane, der ho fekk dykke inn i Firdaverdenen. Eg, ho og Ragnhild var på Mona Lisa og åt pizza, og det var kos <3 Fredag var ho også nede på Firda der ho fekk vere med i littegrann av spansktimen :D Etter skulen gjekk vi + Ragnhild ned i sentrum (og eg kjøpte kåpa!). På bussen høyrte vi Moonlanding av Sivert Høyem og eg fekk eit lite Malakoff-flashback. På kvelden var gjengen samla oppe med Nina for å ta farvell (untatt Einar, som ditcha oss etter ei kort stund). Vi spelte Scrabble og hadde det kjekt!!!

Laurdag skjedde det ingenting, men so kom søndag 10.10.10, og vi skulle på Strynemessa! Der skulle vi byte eit par Moods of Norway-sko for Bergenstanta mi som hadde kjøpt seg for store sko, og so oppdagde eg at (nesten) alle skoa kosta 200 kroner! Etterpå var eg og mamma på Cubus. Der fann eg ein lepsylsak som eg har hatt lyst på kjempelenge, og so fann eg meg ein awesome hatt!












Min nye awesome strawberry lip balm !

Følg med vidare! Neste gong skal eg svare på ei utfordring eg fekk frå Ragnhild for ca tusen år sidan......

Søve gødt alle saman

4 kommentarer:

  1. Ka tykkte mor di om kåpa? *spent*

    Hatten va superfantastiskawesome, faktsk!:D

    SvarSlett
  2. jippiii! så flott at du skriv, no blir Nina hjartevarm :)

    SvarSlett
  3. No blei eg både hjartevarm og heimsjuk!

    SvarSlett
  4. Regnboge: Mamma likte den! :D Og bestemor sa: "du har no brukt pengane dine på mykje rart, men dinna gongen kan eg ikkje kritisere kjøpet!" x'D
    Og takk for hattekommentaren :D

    Haha, takk Axc! :D

    Uffa Nina, men prøv å tenke på at det ikkje er lenge til jul :(
    Men det var bra at du vart hjartevarm <3

    SvarSlett