søndag 8. mai 2011

Premie?

10 kr til den som ser noko nytt !

Forandring for ein skulelei person som lengtar mot sommaren

http://youtu.be/oFhUUOQFH-c
(Her skulle det eigentleg ha vore ein video, men i dag vil bloggen drive med faenskap og vil ikkje fungere riktig. Har prøvd ørtenhundrede gongar å publisere innlegget, både med og utan video, so dykk får klare dykk med youtubelink. Trykke dokke på den kjem dokke rett innpå ein video som presenterar årets Malakoffartistar. Love)

Gledar meg noko sjukt til sommaren. Eller juni òg. Blir 18 den 1., og skal på festival 4. med 18-års aldersgrense, og høyre Kaizers Orchestra og Ingenting! Er hovudsaklig dei eg gledar meg til den dagen

Seinare, nærmare bestemt første veka etter skulen er slutt skal eg til Italia med skulekorpset. Vi reiser utan instrumet. Eg gledar meg noko sjukt!

I juli, nærmare bestemt den 22., er det Malakoff Rockefestival, med blandt anna The Wombats, Kvelertak, Honningbarna, Kråkesølv, Datarock og mange andre. Gå inn på malakoff.no for meir info: http://malakoff.no/ARTISTAR/Åretsartistar.aspx

Og innimellom Italia og Malakoff kjem der ein hyttetur med fantastiske folk som eg ikkje hadde klart meg uten! Og ein countryfestival. Country ekkje den beste musikken, men stemninga og livet er fantastisk. Bygda sitt innbyggjartal blir fordobla ei helg i året. Love!

No for tida er eg sleta og skulelei. Sist veke hadde eg mattetentamen på tysdag for deretter ha biologiundervisning sjølv om eg hadde fri, skulle eigentleg ha historieforedrag på onsdag men vart ikkje ferdig med det, torsdag var det biologitentamen og fredag spansktentamen. Måndag skal vi ha ei prøve i norsktimen, tysdag skal eg ha økonomitentamen og onsdag eller torsdag skal eg ha historieforedraget. Og so er det snart 17.mai, so no må eg øve på harde livet viss eg skal overleve dagen med å spele i to korps. Men det er fint å tenkje på at eg kanskje har hatt mi siste matteprøve og mi siste spanskprøve for alltid! Viss eg ikkje kjem opp til eksamen. Gruar meg til eksamen.....

Her på bloggen kjem det til å bli ei lita forandring. Dette er kanskje siste gong eg skriv noko særleg om meg sjølv eller kva eg gjer om dagane. Følar at det blir heilt feil å legge ut so mykje om meg sjølv på nettet (so kvifor lagde eg blogg i det heile tatt tenkjer du kanskje) men framover so kjem eg heller til å legge ut musikk eg syns er bra, bilder eg har tatt og tekstar som er fine. Har gått tom for bloggidear, vil ikkje at bloggen skal ende opp som "rosablogg" eller bloggar der eigarane skriv kva dei har gjort frå morning til kveld, ganske detaljert og skreve om alt dei har ete den og den dagen og kor mange gongar dei måtte tygge før dei kunne svelge. Ingen er intressert i slikt. Trur eg.

Nei, eg er ikkje sur for tida, er berre lei....