tirsdag 27. juli 2010

Malamalamalakooooooooooff

Jaudå. Eg overlevde. Ja, eg har no overlevd det meste, men no har eg overlevd noko nytt. Eg var på min første festival. Noko eg vil gjere att. Altso reisa på festival. Sjølv om eg må reise til Nordfjordeid for å oppleve det. Men eg skal reise tilbake der neste år. Definitivt. For det var ikkje berre kjekt, nei, det var rett og slett fantastisk. So det....du lurer kanskje på kven som spelte på festivalen? Jo, det var Skambankt, Enslaved, Sivert Høyem, John Olav Nilsen & Gjengen, Timbuktu & Damn!, Thomas Dybdahl, Johnossi, Djerv, Egil Olsen, Tellusalie, The Cumshots, Navigators, The Pink Robots, Lucy Swann, Jack Dalton, Jaga Jazzist, Purified in Blood, Howl, Bob Hund, The Blacksheeps, Susanne Sundfør og Svelekameratane. Shining fekk ikkje spele pga ein skada trommis. Det var i grunn litt trist, for eg var litt nyskjerrig på korleis dei høyrdast ut. Men, men, eg får heller finne dei på Youtube.....Dei som er utheva såg eg live, resten høyrde eg frå teltet eg budde i. Eg budde nemlig i telt med Ingrid Marie, Nina og ei ny ei.


Ho heiter Vilde. Ho er kul! Så då veit dykk det.
No tenker du sikkert, "Herregud så mykje tekst! Kvar er BILETA av ARTISTANE og FESTIVALEN??" , og eg kan vell ikkje skuffe deg, såååå.......tadaaaa:


Johnossi, svenskt


Enslaved




The Cumshots (både oppe og nede)





Vi stod å venta i 1 time framfor scena der Skambankt skulle spele. Etterpå kjøpte vi t-skjorter.

Nomenometromme

3 kommentarer:

  1. Eg og ve høyre Sivert Høyem:O

    SvarSlett
  2. NOMNOMNOM! Du óg har sett av den helga til festivalbruk ja? :P GOODIE!

    SvarSlett
  3. Han var, dessverre, kjempeflink Ragnhildpus :(

    Japp Nina, det har eg :D

    SvarSlett