mandag 12. juli 2010

Borte bra, men heime best - del 1

Som du kanskje skjønar, so er eg koma heim. Og sidan eg ikkje har skreve noko innlegg som kan forklare kvar eg har vore so skal eg seia kvar eg har vore. Eg har (for fyrste gong) vore i Oslo! Ja, det er faktisk fyrste gongen eg har vore i Oslo, eg har vore mange gongar på Lillehammer i løpet av oppveksten på ferie, same med Bergen, eg har vore tre gongar i England, eg har vore i Sverige, MEN aldri vore i Oslo. Før onsdag. Tysdagskveld pakka eg kofferten, onsdag reiste vi. I ti-tida om morningen. Vi hadde mange stopp undervegs, so vi var ikkje i Oslo før om kvelden ein gong. Etter litt styr fekk vi tak i nøklane til den vesle leiligheita vi hadde leigd, sjølv om eg framleis tykkjer den minna meir om ein liten hybel....
Vi var fyrst litt badass og stoppa ein plass der vi ikkje hadde lov til. Men pappan min er kul og har GPS på iPhonen sin, og vi måtte finne ut av kvar vi var og om det var langt til gata vi skulle bu i....
So var det å få alle koffertar i hus og ut å oppdage byen. Det viste seg at vi ikkje budde langt frå Slottet, so vi gjekk der fyrst :D Der tok vi bilete med ein gardist. Stakkars fyr....






Deretter gjekk vi nedover Karl Johan. Eg såg Freia-skiltet og då vart eg glad. Etter ikkje alt for lenge kom Stortinget framfor oss. Eg må berre sei at eg var litt skuffa.....eg hadde sett for meg ein stor bygning oppe på ein fin bakketopp, men nei, det var berre ein litt spesi bygning midt inne i byen. Superawsome ><' Vi gjekk vidare, då vi merka at vi var svoltne. Vi fann oss ein søppelmatkiosk, kjøpte noke etandes, og gjekk vidare. Vi såg operaen, men vi gjekk ikkje bort. Vi gjekk mot Aker Bryggje i staden. Der sat vi ei stund, åt is (trur eg, vi åt is so ofte at eg klarar ikkje å skilje mellom kortid vi åt og ikkje åt....). Til slutt vart vi leie, og bestemte oss for å gå oppatt til "heimen" vår, som vi oppdagde at den låg ca 10 traskeminutt frå bryggja <3

Pusekatt <3










Resten kjem seinare.....

4 kommentarer:

  1. Åå, eg har ikkje sett slottet endå, men når eg ein gong gjer det ska eg og finne meg ein gardist:D

    Og eg gledar meg te resten^^

    SvarSlett
  2. Den va verkeleg greie, so du kan glede deg :D Dei var også litt småkjekke ;] Og slottet var endå finare i verklegheita enn på tv :D

    Det var no fint ^^

    SvarSlett
  3. Du må legge ut bilde med gardisten! :p
    Karl Johans gate er min favoritt! (eg har ikkje undersøkt dei andre så veldig nøye da)

    SvarSlett
  4. Vurdera det (Y) men får sjå om det kjem på ein oppsumeringsting eller noke (Y)
    Karl Johan e fantastisk :D

    SvarSlett