mandag 19. april 2010

Vått og kaldt og russar overalt

Som du kanskje skjønar av overskrifta, er russetida komen for fullt. Utanfor vårt vakre gamlebygg her på Firda samlar russen seg som fluger på overmodna mat. Dei er ute etter første og andreklassingar. "Hurra".
Her sitter vi, første studiespesialiserande, våte og kalde. Skulen er ikkje ferdig på ei stund, nokre av oss må ta lange bussturar for å kome seg heimatt, andre må risikere livet for å kome seg tilbake til hybel. Og dette veit russen. Og dei NYTER det.
Nokre av oss er meir utsette enn andre. Nokre har plaga russen, nokre har eldre søsken som er russ, nokre er venn med russen, og nokre har berre dårleg karisma. Eg har mistanke om at eg havnar under "søsken-kategorien". "Hurra".
Skal prøve å få nokre bileter av stakkarslege folk som har blitt ramma, men veit ikkje om eg vil risikere vannskade på kameraet.....
No er det straks geografi :]

Vårstemningstips nummer tre:
Ta med gode venninner på tur og høyr på den vakre fuglesongen. Ta gjerne med noko gødt å ete as well <3

Bloggast <3

8 kommentarer:

  1. Hurra for overskrift med rim,
    Hurra for samanlikninga "som fluger på overmodna mat",
    Og eit stort rungade hurra for vårtipset^^

    Eg måtte berre kommentere dei verkemidla (hurra nummer ein og to), for det va veldig bra:)

    SvarSlett
  2. Og eg takkar og bukkar ^^
    Vårtipset var inspirert av vår kjære gymtime, kan love deg at eg kjem til å reise i Jølet fleire gongar, gjerne med kamera :D
    Overskrifta er omskreve etter ein song som heiter "Ve te Bergen" Der er teksten "Vått og kaldt og breiflabb overalt" xD

    SvarSlett
  3. Haha, herleg^^ Du, vi ska 'kje ta å begynde å ete maten vår i Jølet (når berre russen gjer seg)?:D

    SvarSlett
  4. Eg er med! :D Og då må me hugsa kamera slek at me kan ta bilete av småfuglan ^^

    SvarSlett
  5. kjekt at du skriver!
    Greit å vite ka som skjer på sandane òg :p
    Men den siste greia der var kjønnskdiskriminerande!
    "Ta med gode venninner på tur(...)"
    Ka med å ta med kompiser da?!

    Men uansett NICE JOB!

    SvarSlett
  6. Haha xD Sorry Niclas :S Tenkte faktisk ikkje øve da xD Men du har rett, det går ann å ta med kompisar på vårtur også ^^

    SvarSlett