torsdag 10. mars 2011

I'm leavin (where you gonna go?) Barcelona !

Som eg nemde so vidt i forrige innlegg so har det skjedd utruleg mykje i det siste. Beklager at eg ikkje har fått sleppe til å skrive om det før, men har ikkje hatt internett den siste veka.... men men
Forrige torsdag, altso ei veke sidan, var eg lukkeleg saman med mi fantastiske venninne Nina Mirk, og vi tusla rundt i sentrum før vi skulle ta buss oppatt til bygda vår. Nina var på ferie heime frå skulen henna langt nede i sørdelen av landet. So skulle vi berre ein liten tur på Rimi, sekken min var tung og ryggjen verkte, so eg fann på noko som eg trudde var lurt. Eg la sekken min inn på rutebilstasjonen, bak eit stort skåp som ein kunne låse inn bagasje i. Eg hadde uheldigvis ikkje pengar til å låse det inn, so eg tok sjangsen på å legge tinga bak i hjørnet bak skåpet. På den måten ville ikkje tinga syne for folk som kom inn, og sidan vi berre skulle vere vekke ei bittelita stund kom det til å gå bra. Eg veit om folk som har gjort dette før og det har gått heilt fint!
Men den bittelille stunda vart til ei lita stund, og når vi kom attende var sekken vekk! Skulesekken min med skulebøker, notatbøker, datamaskin, kamera, ipod, alt var vekk som ei sviske! Først fekk eg panikkanfall, sprang rundt for å sjekke om nokon kunne ha låst det inn. Så vart eg deprimert, og etter det har eg berre vore sint. Korleis kunne eg finne på noko sånt? Korleis kunne nokon ta tinga mine? Sandane er ein liten plass, eg hadde aldri trudd at noko slikt ville skje! Fredags morning var eg på politiet og anmeldte det. Håpar berre at eg får tinga mine att.... seinare på fredagen var eg i bursdag til mi 80år unge farmor og åt alt for mykje kake saman med familien, deretter var det samling med gjengen oppe hos Nina. Laurdagen var familien på Gloppen Hotell og åt middag, noko som var utruleg godt! Og på kvelden åt vi kake igjen. OG på søndagen hadde mi mormor 79årsdag, so då vart det fastelavensbollar og endå meir kake. So no vege eg 678900 kilo, hurra -.-
So her sitte eg ei veke seinare, og skal reise til Barcelona i morgon tidleg, uten kamera og ipod...

ÅHERREGUD, EG SKAL TIL BARCELONA I MORGON!!!!!! På studietur, noko som kjem til å bli awesome! Skal snakke mykje spansk og endå meir engelsk. Eg skal ivertfall lære mykje spansk og om andre kulturar. Og so har den supergreie mamman min kjøpt film til eit kamera som vi brukte i barndomen min, før digitalkameraet si tid! So eg håpar å få nokon blinkskot til fotoalbumet ^^

Men no må eg nesten gå å pakke ferdig kofferten
Snakkast om 1 veke !

4 kommentarer:

  1. eg er ikkje en slask.. men: AVSNITT!!!
    <3

    SvarSlett
  2. Skjønar ikkje kva du meinar herr axc ;]

    SvarSlett
  3. Ekte avsnitt.. ikkje sånne halveis...

    mener ikkje å klage... bare sier fra liksom

    <3 U 4 EVAAAHHH

    SvarSlett
  4. Eg skrive slik som eg vil, mohahahaha <3

    <3 U 4V1 MOORE !

    SvarSlett