fredag 17. august 2012

Livet til no

No er det lenge sidan her har komt noke nytt, og det kan hende det tar endå lenger før det kjem noko meir.
Sia sist so har eg:
  • Vore russ --->
  • Gått i bunad --->
  • Lært meg å like vin betre og betre
  • Nådd 19årsmerket
  • Kjøpt radio
  • Lese mykje
  • Gått gjennom helvette og overlevd
    (med andre ord: eksamenstida)
  • Jobba og jobba og jobba heile sommaren
  • Vore cowboy ei helg på Norsk Countryfestival 
  • Vore drukna katt på Malakoff Rockefestival
  • Fundert og vurdert kva eg skal pakke med meg til folkehøgskule
For det er i morgon eg reiser. Reisa går til Drammen by, avdeling Danvik Folkehøgskule. Eg er redd, bekymra, spent, glad, og forvirra. Det har ikkje gått heilt opp for meg endå at eg faktisk skal flytte heimafrå. Eg trur nesten at eg må ha vore frå vettet då eg skreiv søknaden. Eg, med ein "smule" sosial angst, skal flytte frå allt og alle eg kjenner. Eg skal bu med ein person eg aldri har møtt (tom. dele bad med den personen...dobbelangst). Eg skal gå i klasse med menneske eg aldri har møtt. Eg skal få oppleve mykje nytt, gjere mykje eg aldri har gjort før eller trudd eg kom til å gjere. På flyttelasset har eg ein radio, min trofaste følgesvenn Acer, tre norgesglas med te, (for) mykje klede, kamera og mykje pågangsmot. Finne eg ut at Kultur&eventlinja er noko for meg, så er dette vegen eg vil gå. Eg vil lære så mykje som mogleg innanfor allt denne verda kan tilby. Det kom til meg i ein draum: den fine, fine, rockefestivalen i heimkommunen min, Noregs eldste rockefestival som vart etablert i 1980, er i ferd med å døy. Dei var store på 80- og 90-talet, kanskje i starten av 2000talet òg men no er dei ute å kjøyre, musikkmessig altså. Eg vil gjerne redde denne festivalen frå fordervelse. Den fortjenar ikkje å ha artistar som Erik og Kriss (fjoråretsfestival) og Gabrielle (årets). Greit at dei er flinke artistar, men dei høyrar ikkje heime på ein rockefestival. Men men. 

 Vassendgutane under årets Countryfestival. "Køntry" (so vil kalla det) er kanskje harry, men fy kor kjekt det er mens det helde på!

No må eg gå å pakke meir. I morgon flyttar eg. Kanskje det oppstår ein ny blogg, ein folkehøgskuleblogg. Det er for tidleg å sei. 

2 kommentarer:

  1. Lykke til, fine du, og kos deg! <3

    SvarSlett
  2. Ditta blir utruleg skummelt den fyrste dagen, men so blir det beire og beire og til slutt so skjønar du ikkje kva du var engsteleg for.

    Og eg likar ambisjonen din, og so sta som du er ska det gå strålande!

    SvarSlett