søndag 25. september 2011

Eit lite stykke Kina

Var som sagt på kinaresturang på fredagen, for første gong i mitt liv. Hadde tenkt på å reise dit mange gongar, men det vart aldri. Før fredag. Og eg angrar på at eg ikkje har reist før!

Spesielt når stolane såg slik ut



Og veggane slik


Vi fekk ete med pinnar som var pakka inn i fin serviett



Der var fine glas



Sjølv om Ragnhild fekk fleire isbitar enn meg og ei sitronskjeve


Men eg kunne ikkje bli sur på ein so søt person



Mens vi venta på maten, lurte sola på kva vi skulle få, og det gjorde igrunn eg òg, for eg lot Ragnhild bestemme for meg kva eg skulle ete



Og DET angrar eg ikkje på!
Eller, eg vart litt for mett, men det er mest min eigen feil.
Eg presenterar: Kylling i carry





Etter på gjekk vi på skojakt og klesjakt og alt-mogleg-jakt, og eg kom heimatt med halve byen, for ja; Førde er ein by. Faktisk. Men det skal òg nemnast at den er kåra til Noregs styggaste by. Med god grunn.....

Vi drakk kakao på den lille kafeen med den gode italienske isen, den var heilt bob-bob.


Men eg kom heimatt med nye sko







Og ny og fin og lita skrivebok som skal vere med meg overalt
og fange alle dei merklege tankane mine
Resten av jaktfangsten får vi kome attende til ein annan gong
God natt

2 kommentarer:

  1. Neste gong må vi prøve å tørre å snakke kinesisk. Utruleg kor vanskeleg det plutseleg vart når vi møtte faktiske kinesarar... Og vi får blir skofine (kanskje kjolefine òg) på måndag!

    SvarSlett