onsdag 30. juni 2010

Det var vodka, kalinka, rullett og kaviar.....

Japp, som tittelen seier: det har skjedd noko forandring her....tipp kva x3 "Roooosa, jeg digger bare ting som er rooooooooooooooooosssssssssaaaaa" <3
Neida, forandringane skuldast at eg var lei bloggen slik den var før, den var kjedelig, fargelaus og ikkje heilt meg.....og når nokon har beskreve meg som ei rose, hadde eg noko anna valg enn å fargeleggje heile driten rosa? :D


Anyrosa, i det siste har eg vore på hyttetur saman med Mirken, Skinloen, motorsykkelelgen og Synneoksen på hytta til Mirken <3 size="1">(men det var berre fordi eg ikkje hadde nokon til å kjøyre meg opp) Synneoksen tok taxi opp til startsstreken, men ho har lenger veg enn meg....men stakkaren måtte vente LENGE på at taxien skulle hente ho....den hadde gløymd ho o0
For å oppsummere hytteturen ganske kort: det var ein fyllefest som varte frå torsdag til søndag med innslag av grilling, perioder med edruhet og søvn, mykje snackseting og brusdrikking. Og ein hund. Og eit speilreflekskamera. Og diverse andre kamera. Og bildetaking. Dei børr ikkje visast til offentligheiten.....
Men her er eit bilete dykk få lesarane mine kan få, slik at innlegget ikkje blir så kjedelig x] Det er tatt med speilrefleksen til Mirken <3

Når eg blir stor og har fått meg jobb, og skal kjøpe noko for løna mi, blir det aller første eit speilreflekskamera! Basta!








Det var vodka, kalinka, rullett og kaviar
Det var krigen sett gjennom røyk av cigar
Ja me svingte oss i valsen, heile resistansen
Mr Kaizer, hans Constanze og meg

Der fekk eg jammen inn litt Kaizers i dag også ^^
No orkar eg ikkje å prøve å fikse på innlegget meir oO Sove? Ja? Eller?

Foto: Frk. Ingvaldsen

3 kommentarer:

  1. Eg lika det eg ser, rosa funkar overraskande bra her:D

    Og eg lure på om eg kjeme te å få sjå bilete? xD

    SvarSlett
  2. Vell frk. H. Birkeland, vi får sjå til hausten ;] Men tusen takk for rosen av bruken av rosa <3

    SvarSlett