torsdag 13. mai 2010

Ein onsdag

LAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAAANGHELG!!!
Siste nytt: Null skriftleg eksamen :D *happyface*
I går var ein gladdag, meg og Ragnhild formidla ein artig nyheit om ein mann som hadde fyllekjøyrt med grasklippar til resten av klassa i samfunnsfagtimen, vi i 1STA kom ikkje opp i noko skriftleg eksamen, søskenbarnet mitt starta heimreisa etter 3 månadar studie i Mexico, vi hadde geografiprøve (gjekk rett vest) og såg på Beatles som dramatiserte noko frå Sheakespeare (?), vi las litt i bok i norsken og VIPS; det var helg! :D
Det er forresten kjekt å observere raudrussen som kjem inn og raskar med seg små uheldige stakkarar ut og dynkar dei i vatn. Enkelte uheldige sjelar kjempar alt dei kan, andre gjer opp og lar russen gjere nett det dei vil. Og vår kjære Margot har eit ønskje om at Anders skal sole seg i sommar.Jaja...
Vell...andre ting eg gjorde den dagen var at :
Eg spanderte softice på veslesysta mi.
Eg reiste i fjøsen.
Eg reiste til sentrum for å møte Einar, Niclas, Synne Marte og Nina, for å so finne ut at Nina var på Vassenden og Synne Marte var på Stord o0 Dei er teite....
Meeeeen vi hadde det no litt kjekt x]


Niclas koste seg med å trille rundt på sykkelen til Einar


Einar var litt bekymra for sykkelen, men det gjekk bra :]


Eg gjekk heim etterpå.....


Eg vurderte å gå til Ålesund, men det var for kaldt...


Og eg vurderar å enten male det eine skiltet eller å skrive eit brev til kommunen om at dei må fikse det...

Og for å glede og oppfylle ønskjet til Ragnhild:

Tada ^^

No er det Torsdagskveld fra Nydalen
HADEEEEEEE

2 kommentarer: