torsdag 20. oktober 2011

Blå veggjar og strikkajakke

Har store planar. Store, fine planar. Må berre få tid til å gjennomføre dei først.
Det er eit stort og fint prosjekt som vil havne her.
Men kan ikkje seie meir om det no.
Akkurat NO har eg fritime, sitter på klasserommet med dei blå veggjane,
ute er det snø i fjella og eg har pappa si gamle strikkajakke på
som bestemor strikka til han for lenge lenge sidan.
Den er god og varm, og det kan ein trenge på dagar som denne.





No er det snart time, før ein kan få lov til å reise heimatt til
varme tepper og rykande te. Nam!

søndag 25. september 2011

Eit lite stykke Kina

Var som sagt på kinaresturang på fredagen, for første gong i mitt liv. Hadde tenkt på å reise dit mange gongar, men det vart aldri. Før fredag. Og eg angrar på at eg ikkje har reist før!

Spesielt når stolane såg slik ut



Og veggane slik


Vi fekk ete med pinnar som var pakka inn i fin serviett



Der var fine glas



Sjølv om Ragnhild fekk fleire isbitar enn meg og ei sitronskjeve


Men eg kunne ikkje bli sur på ein so søt person



Mens vi venta på maten, lurte sola på kva vi skulle få, og det gjorde igrunn eg òg, for eg lot Ragnhild bestemme for meg kva eg skulle ete



Og DET angrar eg ikkje på!
Eller, eg vart litt for mett, men det er mest min eigen feil.
Eg presenterar: Kylling i carry





Etter på gjekk vi på skojakt og klesjakt og alt-mogleg-jakt, og eg kom heimatt med halve byen, for ja; Førde er ein by. Faktisk. Men det skal òg nemnast at den er kåra til Noregs styggaste by. Med god grunn.....

Vi drakk kakao på den lille kafeen med den gode italienske isen, den var heilt bob-bob.


Men eg kom heimatt med nye sko







Og ny og fin og lita skrivebok som skal vere med meg overalt
og fange alle dei merklege tankane mine
Resten av jaktfangsten får vi kome attende til ein annan gong
God natt

lørdag 24. september 2011

Back

Er straks tilbake, skulle gjerne skrivet det no, men når ein sovnar fire gongar i løpet av ei setning så ventar eg til eg har stått oppatt seinare i dag med å legge ut bilder frå den einaste og den finaste kinaresturangen eg har vore på.

Som sagt, det er seint på natta.
God natt !

søndag 19. juni 2011

Italia og Kaizers Orchestra

Ja, eg veit eg ikkje har vore flink å posta noke på lenge.
Og det blir endå lenger til neste gong.
I dag reiser eg snart til Italia ein liten snartur.
Love it !

Var på Sommarfest i Sunnfjord for ikkje so lenge sidan.
Kaizers Orchestra spelte der.
Eg blei nesten trakka ned stort sett heile tida.
Men det var verdt det.
Beste bandet, både live og på plate!

onsdag 1. juni 2011

Å faen, er plutseleg vaksen!

I dag har eg bursdag....er plutseleg 18......betyr det at eg er vaksen?
Positive ting med å bli 18:
-eg får eit mykje friare liv
-eg får sleppe inn på fest til helga når Kaizers Orchestra, Fonza, Ingenting og Eva and the Heartmakers spelar
-eg kan ta billappen, må berre bli klar for det først
-PAAAAAAAARTEY IN MY HEART !

søndag 8. mai 2011

Premie?

10 kr til den som ser noko nytt !

Forandring for ein skulelei person som lengtar mot sommaren

http://youtu.be/oFhUUOQFH-c
(Her skulle det eigentleg ha vore ein video, men i dag vil bloggen drive med faenskap og vil ikkje fungere riktig. Har prøvd ørtenhundrede gongar å publisere innlegget, både med og utan video, so dykk får klare dykk med youtubelink. Trykke dokke på den kjem dokke rett innpå ein video som presenterar årets Malakoffartistar. Love)

Gledar meg noko sjukt til sommaren. Eller juni òg. Blir 18 den 1., og skal på festival 4. med 18-års aldersgrense, og høyre Kaizers Orchestra og Ingenting! Er hovudsaklig dei eg gledar meg til den dagen

Seinare, nærmare bestemt første veka etter skulen er slutt skal eg til Italia med skulekorpset. Vi reiser utan instrumet. Eg gledar meg noko sjukt!

I juli, nærmare bestemt den 22., er det Malakoff Rockefestival, med blandt anna The Wombats, Kvelertak, Honningbarna, Kråkesølv, Datarock og mange andre. Gå inn på malakoff.no for meir info: http://malakoff.no/ARTISTAR/Åretsartistar.aspx

Og innimellom Italia og Malakoff kjem der ein hyttetur med fantastiske folk som eg ikkje hadde klart meg uten! Og ein countryfestival. Country ekkje den beste musikken, men stemninga og livet er fantastisk. Bygda sitt innbyggjartal blir fordobla ei helg i året. Love!

No for tida er eg sleta og skulelei. Sist veke hadde eg mattetentamen på tysdag for deretter ha biologiundervisning sjølv om eg hadde fri, skulle eigentleg ha historieforedrag på onsdag men vart ikkje ferdig med det, torsdag var det biologitentamen og fredag spansktentamen. Måndag skal vi ha ei prøve i norsktimen, tysdag skal eg ha økonomitentamen og onsdag eller torsdag skal eg ha historieforedraget. Og so er det snart 17.mai, so no må eg øve på harde livet viss eg skal overleve dagen med å spele i to korps. Men det er fint å tenkje på at eg kanskje har hatt mi siste matteprøve og mi siste spanskprøve for alltid! Viss eg ikkje kjem opp til eksamen. Gruar meg til eksamen.....

Her på bloggen kjem det til å bli ei lita forandring. Dette er kanskje siste gong eg skriv noko særleg om meg sjølv eller kva eg gjer om dagane. Følar at det blir heilt feil å legge ut so mykje om meg sjølv på nettet (so kvifor lagde eg blogg i det heile tatt tenkjer du kanskje) men framover so kjem eg heller til å legge ut musikk eg syns er bra, bilder eg har tatt og tekstar som er fine. Har gått tom for bloggidear, vil ikkje at bloggen skal ende opp som "rosablogg" eller bloggar der eigarane skriv kva dei har gjort frå morning til kveld, ganske detaljert og skreve om alt dei har ete den og den dagen og kor mange gongar dei måtte tygge før dei kunne svelge. Ingen er intressert i slikt. Trur eg.

Nei, eg er ikkje sur for tida, er berre lei....

tirsdag 26. april 2011

Tida fram til i dag

Sidan sist har det skjedd so mykje at eg ikkje har hatt tid til å skrive noko om det, eller, eg har prioritert andre ting. Som skulearbeid og sånnt. Skal prøve å bli flinkare, men kan ikkje love noko. Neste veke blir det ei rein h****ttes veke med mattetentamen på tysdag, historieforedrag på onsdag, biologitentamen på torsdag og spansktentamen på fredag (no i våre dagar seier man kanskje heildagsprøver i staden for tentamen, men tentamen høyrast kulare ut, så desså!)








Vell....kva har skjedd i det siste....?






Eg har vore ei veke i Barcelona med spanskklassene på trinnet, fantastisk oppleving! Barcelona er difinitivt ein by eg skal attende til!



Litt av byen, bilde tatt frå Tibidabo, ein super fornøyelsespark



Eg har kjøpt med kamera, min finaste baby atm....




Eg var i Trondheim på NM i Janitsjarmusikkorps, budde på hotell med to klarinettar, Synne & Iselin. Vi hadde det superkjekt, sjølv om vi ikkje vann. Kom på 7.plass av 15 i vår divisjon, ellernokesånnt.




Det har vore påske, og Nina har vore heime, og jaggu vart det ikkje ein liten hyttetur på Skinlohytta i lag med frk Nina og hr Einar. Funfunfun! Vi var reine Lars Monsen-gjengen, fakta faen! Vi trossa djup snø på truger, utan å ha hatt so altfor store kunnskapar til truger. Superfun!








Har ikkje tid til å skrive meir no, har engelsktentamen i mårra....Og btw, eg har påskeegg i lilla kartong. MOHAHAHA




Dette innlegget blei publisert dagen etter det vart skreve, pga dritinternett i heimen. Tentamenen gjekk fint, håpar eg.